Bunker Oil AS - Stordalshallen
Bunker Oil AS - Stordalshallen
Bunker Oil AS
Bunker Oil AS
Logo - Bunker Oil AS
Logo - Bunker Oil AS

Bunker Oil AS, ny samarbeidspartnar!

Bunker Oil AS er neste verksemd ut, til å kome med på Stordalshallen sitt unike profileringskonsept. Den store aktiviteten og dei høge besøkstala gjer at Stordalshallen verkeleg er blitt ein regional arena og det er sjølvsagt særs kjekt å registrere at interessa er stadig aukande, i vid forstand!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.05.2014

Stordalshallen kan også vise til ei stadig aukande interesse frå næringslivet i høve til vårt profileringskonsept, noko som sjølvsagt gjer at all ledig reklameplass er oppteken. Rett nok er det slik at det, tid om anna, er verksemder som går ut og då skuldast dette naturlege årsaker. Men nye verksemder står alltid klare til å overta!

No har vi gleda av å få presentere nærare vår nyaste samarbeidspartnar; Bunker Oil AS:

På Bunker Oil AS si nettside, les vi m.a. fyljande: «Med over 40 anlegg langs kysten tilbyr vi flest leveringspunkter av drivstoff og Mobil smøremidler til kystflåten. Vår kompetanse og størrelse gjør at vi er store nok til å være slagkraftige, og små nok til å være smidige.»

Men det er slett ikkje berre kystflåten som nyt godt av dei mange tilboda til Bunker Oil AS. På den same nettsida les vi nemleg vidare; «På landsiden leverer vi drivstoff og fyringsoljer til autoindustri- og privatmarkedet. Bunker Oil har også en kjede av automatiserte bensinstasjoner konsentrert i Møre og Romsdal, Troms og Finnmark samt Oppland og Sør Trøndelag. Vi har også leveranser til endel frittstående stasjoner. I tillegg til drivstoff og brenselsoljer distribuerer vi Mobil smøreoljer fra våre mange lagre langs kysten.»

Les meir om Bunker Oil AS, på den flotte nettsida deira!

Vi ynskjer Bunker Oil AS velkomen med på vinnarlaget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove