Bunnpris Sjøholt
Bunnpris på Sjøholt med på vinnarlaget!
Bunnpris - wrap
Denne wrap´n er berre eitt av eit titalls gode middagstips på nettsida til Bunnpris
Bunnpris - wok
Skal det vere ein wok kanskje? Enkelt og billig frå Bunnpris

Bunnpris på Sjøholt er sjølvsagt også klare!

Då har vi gleda av å kunne introdusere nok ein samarbeidspartnar og legg ikkje skjul på at vi synest det er stor stas å få Bunnpris Sjøholt med på vinnarlaget! Vi gler oss sjølvsagt også over at interessa for å kome med, er stadig like stor.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.12.2015

Bunnpris på Sjøholt har, som dei fleste har merka seg, flytta inn i nye flotte lokale midt i sentrum. Butikken ligg attmed bussterminalen og også slik sett veldig sentralt og utanfor er det veldig oversikteleg og greitt å parkere. Uansett om du kjem køyrande innanfrå, eller utanfrå, kan du ikkje unngå å legge merke til det flotte bygget. I andre etasjen finn vi elles ei av frisørverksemda Pikasso sine mange avdelingar. Greitt å ha nemnt dette og, i og med at også Pikasso har vore Stordalshallen sin samarbeidspartnar i alle år.   

Men tilbake til vår nye samarbeidspartnar Bunnpris på Sjøholt, der det er kjøpmann Kjell Åge Johansen som gjer alt for at du skal bli mest mulig fornøgd. Målet er m.a. å begeistre, inspirere og å skape positive opplevingar. På Bunnpris si heimeside kan du lese meir om dette og om mykje anna sjølvsagt  Er du ein av dei som slit med å finne på kva som skal stå på middagsmenyen kvar dag? Sjekk då evt også dei mange supre middagstipsa på nettsida!

Her eit par sitat frå den flotte sida:

"Med over 250 butikker, hele veien fra Rypefjord i nord til Søgne i sør, er vi kanskje ikke størst, men i nær 200 år har vi fortsatt å vokse. Og det tenker vi å fortsette med."

"For Bunnpris er det et mål å begeistre, inspirere og skape positive opplevelser som i gjenskaper lojale kunder. Hyggelig og personlig service, flott varepresentasjon og god tilgjengelighet er derfor en selvfølge hos Bunnpris. Kunder som har besøkt oss èn gang, skal få lyst til å komme tilbake."

Bunnpris har også ei flott facebookside med nærare 30 000 fyljarar! Det er ingen grunn til å unngå den, for å seie det slik.

Med dette ynskjer vi også Kjell Åge og dei andre hjå Bunnpris på Sjøholt velkomen med på vinnarlaget vårt!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove