Coldwater Prawns of Norway ynskjer også vere med på vinnarlaget!

Coldwater Prawns of Norway - Klikk for stort bildeColdwater Prawns of Norway

Det er mange verksemder rundt om, som er særs dyktige på dette med markedsføring og merkevarebygging. Coldwater Prawns of Norway, høyrer så definitivt med i toppsjiktet også når det kjem til dette. Vi legg ikkje skjul på at vi synest det er stor stas at Coldwater Prawns of Norway no også blir særs godt synlege (også) i Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.11.2017

Coldwater Prawns of Norway - vert lagt merke til, verda over! - Klikk for stort bildeColdwater Prawns of Norway - vert lagt merke til, verda over! Coldwater Prawns of Norway - høgkvalitetsprodukt frå hav til fat - Klikk for stort bildeColdwater Prawns of Norway - høgkvalitetsprodukt frå hav til fat Coldwater Prawns of Norway - høgkvalitetsprodukt i stilfull innpakning - Klikk for stort bildeColdwater Prawns of Norway - høgkvalitetsprodukt i stilfull innpakning Coldwater Prawns of Norway - det er blitt mange prisar og utmerkingar - Klikk for stort bildeColdwater Prawns of Norway - det er blitt mange prisar og utmerkingar Sunnmørsposten

Coldwater Prawns of Norway har hatt ei eventyrleg utvikling sidan etableringa og på berre 10 år har ein nådd ei årleg omsetning på heile 600 millionar. Dette med god merkevarebygging har, som nemnt, stått veldig sentralt og verksemda har motteke mange prisar og utmerkingar for det dei har utretta. Men i botn ligg det sjølvsagt at dei har eit fantastisk bra produkt å tilby.

Her presenterer vi nokre dømer på prisar/utmerkingar:

2012: Kåra til Årets Gazelle-bedrift (av Dagens Næringsliv) 

2014: Kåra til Årets bedrift (av Inovasjon Norge)

2015: Mottar utmerkinga "Merket for god design" (av Norsk design- og arkitektursenter (DOGA))

 

Her kan du høyre administrerande direktør Knut Helge Vestre bli intervjua i samband med overrekkinga av prisen frå Innovasjon Norge i 2014.

Her eit anna intervju med den suksessrike grunderen: https://www.youtube.com/watch?v=BkGHV70Cq0w

Vi har også saksa litt til frå Sunnmørsposten, for å prøve å forstå litt av bakgrunnen for suksessen:

 

"Coldwater Prawns of Norway har skapt ei global merkevare for å selje reine norske reker."

 

"Coldwater Prawns: Kalde reker som varmt kveitebrød"

"Gjennom ein mannsalder har havfiskeaktørane Remøy, Olympic Prawn, Nordøytrål og Arctic Swan fiska kaldvassreker i norske farvatn. I seinare år strevde dei med å få god pris og omsetning på varene sine. For seks år sidan gjekk dei derfor saman i eit felles sals- og marknadsføringsselskap: Coldwater Prawns of Norway. 

– Dette blei starten på ein ny æra. Vi starta med å flytte alt sal frå heimemarknaden over til eksportmarknadene. Sidan då har vi auka omsetnaden frå 15 millionar til over 439 millionar kroner. Eit solid bevis på at vi har lukkast med marknadsstrategien – og dette er berre byrjinga, lovar administrerande direktør Knut Helge Vestre. Han fortel at designbyrået Kind frå Bergen har vore med heilt frå starten.

Suksessen har ført til at Coldwater Prawns of Norway vart årets gasellebedrift i sin region i 2012. I fjor vart dei kåra til årets bedrift av Innovasjon Norge.

– Design har vore eit viktig verkemiddel som har skilt oss ut i ein konservativ bransje og gitt resultat i form av varig og lønsam vekst. Den visuelle identiteten og pakningsemballasjane har vore ein suksess frå dag éin. I fjor utvikla vi ein emballasje retta mot eksklusive marknader i utlandet. Dette førte til at vi kunne tidoble prisen på dei rekene vi selde i dette segmentet, fortel Vestre."  (Henning Poulsen, Pressenytt)

 

Dette har vi henta frå Innovasjon Norge si nettside, i samband med kåringa i 2014:

Coldwater Prawns of Norway er finalist i kategorien Årets bedrift


"Coldwater Prawns of Norway er den eneste tilbyder av 100 prosent norske reker. Selskapet har sin hovedsatsning på eksport, og har Europa, USA og Asia som sine markeder.

-          Vi føler oss beæret over å være nominert til denne prisen. For oss er dette en bekreftelse på at det vi har gjort så langt har vært rett - og at fokus på marked, produkt, innovasjon og kvalitet i alle ledd også vil være rett strategi i årene fremover. Vi har vist at det går an å lykkes ved å tenke utradisjonelt i en tradisjonell næring. Derfor betyr det selvfølgelig svært mye for oss å bli lagt merke til på denne måten, sier Knut Helge Vestre, administrerende direktør i Coldwater Prawns of Norway.

Produktutviklingen i selskapet er en kontinuerlig prosess for å utvikle produkt og emballasje som markedet etterspør. Coldwater Prawns of Norway ble etablert i 2007 og er Norges største salgsselskap på norske reker. Bedriften er en del av en gruppering bestående av fire trålere og ett produksjonsanlegg.

-          Vi er en liten, men effektiv og slagkraftig gjeng som er stolt av å selge et av verdens reneste og beste produkt, norske reker. Coldwater Prawns of Norway satser videre med lønnsom vekts, med fokus på merkevarebygging, innovasjon av norske høykvalitetsprodukter fra hav til fat, sier Knut Helge Vestre."

 

I Stordalshallen vil Coldwater Prawns of Norway vere på plass med nærare 5 meter med skilt, fordelt på to skilt som verkeleg vil pryde veggen vår mot sør.

For meir om verksemda, ikkje minst ein eigen presentasjon i form av ein flott film, viser vil til Coldwater Prawns of Norway si heimeside

På facebook har Coldwater Prawns of Norway nettopp lagt ut ein film som presenterer dei 10 første åra på 10 sekund!

Det er med stor glede, vi no også kan ynskje Coldwater Prawns of Norway med på vinnarlaget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove