Då er det endeleg klart for ny folkefest!

Maria Holand Tøsse ï lag med ein del av dei supre borna som har vore med på songseminar!  - Klikk for stort bildeMaria Holand Tøsse ï lag med ein del av dei supre borna som har vore med på songseminar!

Endeleg er dagen komen og heile Stordalssamfunnet kan ynskje gjestar frå fjern og nær, velkomen til den 38. utgåva av Stordalscup! No er det ikkje før i morgon det skikkelege cupveret kjem og difor er Maria H Tøsse sin familiekveld med allsong, samt song- og musikkprogrammet i regi Barnas supersommar, flytta inn i Stordalshallen.

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.06.2018

Stordalshallen er ikkje noko dårleg alternativ, når veret ikkje spela heilt på lag i kveld - Klikk for stort bildeStordalshallen er ikkje noko dårleg alternativ, når veret ikkje spela heilt på lag i kveld Hallgeir Hove Slik blir det sjåande ut, frå og med i morgon. (ikkje tivoli rett nok, men med haugevis av andre kjekke aktivitetar! Sjå meir om dette i førehandsreportasjane!) - Klikk for stort bildeSlik blir det sjåande ut, frå og med i morgon. (ikkje tivoli rett nok, men med haugevis av andre kjekke aktivitetar! Sjå meir om dette i førehandsreportasjane!) Bjørnar Midbust Tom Henning Øvrebø dømmer oppvisningskampen kl 15.45 på laurdagen!  - Klikk for stort bildeTom Henning Øvrebø dømmer oppvisningskampen kl 15.45 på laurdagen! Stordalscup byr også på eit svært loppemarked! Dette er eit arkivfoto sjølvsagt, men heile grendasalen er alt stappande full av spennende lopper!  - Klikk for stort bildeStordalscup byr også på eit svært loppemarked! Dette er eit arkivfoto sjølvsagt, men heile grendasalen er alt stappande full av spennende lopper! Hallgeir Hove

Det er kl 17.30 i kveld det heile startar og då altså frå scena i Stordalshallen. Der vil vi få høyre resultatet av song- og kulturseminaret som har vore gjennomført den siste tida. Mykje flott song og musikk framført av barn og unge altså.

Som vanleg vert det også delt ut gratis is til barna og naturlegvis vert det kiosksal og grill.

Kl 18.00 er det så klart for seriekamp (herrer) mellom Stordal/Ørskog og Giske. Heimelaget brukar verkeleg å finne fram storspelet når det er Stordalscup, så dette er det all grunn til å få med seg. I pausen er det klart for: "Claus(en) i pausen".

Rett etter kampen er det så klart for familiekveld med allsong i Stordalshallen! Då får vi oppleve Maria Holand Tøsse med band. Vidare deltek Big Valley Voices og også då blir det med deltakarar frå song- og kulturseminaret.

For alle oss som kjenner Maria godt, så veit vi at dette kjem til å bli både kjempetriveleg, særs underhaldande og veldig flott!

Det er med andre ord berre å gle seg til i kveld og vi kan konstatere at litt vind og regn så definitivt ikkje kjem til å sette nokon dempar på cupfredagen, i og med vi berre kan trekke inn i Stordalshallen!

 

Sol og godver resten av helga!

No skal vi ikkje gå gjennom det rikhaldige programmet for resten av helga her, men berre vise til den sist oppdaterte utgåva rett nedanfor her. I tillegg tek vi med lenker til tidlegare reportasjar, nett- og facebooksider.

Her kan de sjå det oppdaterte programmet for cuphelga, som pdf 

Tom Henning Øvrebø dømmer oppvisningskampen! 

Nettsida til Stordalscup

Stordalscup på facebook

Førehandsreportasjar med tilbakeblikk

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove