Lefdal Elektromarked AS
Eit gåvekort på kr 500,- er ikkje å forakte i desse julegåvetider
Liv Ellen Stokkeland
Den heldige vinnaren vart Liv Ellen Stokkeland. Vi gratulerer!
Fotograf: Martin Vos
Ei avspaserande Bjørg og den spreke pensjonisten Tora, var med og såg til at trekkinga gjekk rett føre seg fotograf Martin Vos

Då er ny vinnar av gåvekort trekt ut!

Endeleg kan vi presentere den heldige vinnaren av gåvekortet frå Lefdal Elektromarked. Gåvekortet har ein verdi på kr 500,- og det er fjerde gongen vi deler ut dette. Med den store interessa for å fylje oss på facebook, tek det nok ikkje lang tid før nytt gåvekort må trekkjast.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.12.2013

Til å hjelpe oss med trekninga, stilte Tora Åmodt Moe opp også denne gongen. Ho har lang erfaring med slikt, ikkje minst frå dei årvisse helselagsbasarane. Når Bjørg Jacobsen også bistod, vart dette gjennomført like sikkert og korrekt som før.

Etter å ha gjennomgått lista over alle dei 505 personane som fyl Stordalshallen på facebook, endå ein opp med at det var Liv Ellen Stokkeland, som vart den heldige vinnaren av gåvekortet denne gongen.

Vår populære facebookside, som altså er bakgrunnen for trekkinga, byr på dei ferskaste oppdateringane på mykje av alt det positive som skjer ved Stordalshallen. I tillegg kan du få med deg ei rad bildegalleri, oversikt over våre nærare 100 samarbeidspartnarar og mykje meir der. Slik sett er det ikkje så dumt å like sida, sjølv om det ikkje er sikkert at det vert gåvekort ut av det heller då.

Tidlegare er det trekt ut gåvekort både når vi passerte 200, 300 og 400 "likes" og med den store interessa for å fylje oss, tek det truleg ikkje lange stunda før vi må trekkje på ny. Sist gåvekort vart trekt ut i mai i år og dermed har vi altså fått hundre nye, berre det siste halve året.

Tidlegare har både Stig Helland, Marianne Olsen og Magnus Øvrebust vunne seg slike gåvekort frå Lefdal Elektromarked og vi vil sjølvsagt halde fram med å markere dette. Neste gong dermed ved passerte 600. 

Stor takk til alle som fyl oss på facebook! Neste gong er det kanskje din tur?

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove