Fotograf: Bjørg Jacobsen
Einar K Hove, Karl Øvrebust, Asgeir Hovde, Peder Holtleite og Jonas Falch klare til innsats fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Jonas Falch, Asgeir Hovde og dei andre karane, i full sving med å demontere gjerdet fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
John Haraldsvik fyller ut dugnadsskjema, samt eige skjema som syter for at også det forsikringsmessige er på plass fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Einar K Hove hadde fleire tusen dugnadstimar i samband med bygginga av Stordalshallen for 16 år sidan. fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Karl Øvrebust er også tidlegare heidra for dugnadsinnsatsen sin, både ved Stordal Alpinsenter og i andre samanhengar fotograf Bjørg Jacobsen

Då er vi i gong!

Måndag 26. august vart arbeidet med å få på plass det nye tilbygget til Stordalshallen igongsett. Tilbygget er særs etterlengta og etter ein relativt omfattande prosess, er vi no altså endeleg i gong. Sjølvsagt ligg det ein ikkje ubetydeleg andel dugnad også i dette prosjektet og gjengen i sving i går kveld, er slett ikkje ukjend med det fenomenet! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.08.2013

Naturlegvis er det mykje arbeid som alt er utretta i samband med realisering av tilbygget, men på sett og vis var det altså måndag kveld ein verkeleg kom i gong. Dei seks karane demonterte gjerdet på nedsida av Stordalshallen i løpet av eit par timar og Bjørg Jacobsen stod for servering av kaffe og kake. I går sytte vidare 9. klasse ved Stordal skule for å få forflytta gjerdet vekk, slik at alt no er klart for igongsetting av grunnarbeidet. Suverent, ikkje sant?

Grundig planleggingsprosess

Etter ein grundig planleggingsprosess, der fleire ulike planløysingar er vurderte, er ein no rimeleg overtydd om at ein er komen fram til optimale løysingar i høve til behova. Det var også utfordringar knytta til dette med finansieringa, men også dette kom på plass med vedtak om tilleggsløyving i kommunestyret rett før ferien. No er det dermed endeleg klart for å starte opp med å få tilbygget på plass. Til liks med det meste av det vi har fått til i Stordal kommune, vil det også denne gongen verte avgjerande at alle gode krefter stiller opp for å få planane realiserte. I samband med utarbeiding av søknad om spelemidlar, fekk ein stadfesta at viljen blant lag og organisasjonar til å stille opp var stor. Denne store viljen var slik sett også avgjerande for at ein skulle kunne arbeide vidare med planane.

Lag og organisasjonar er med!

All tidlegare erfaring tyder på at viljen til å stille opp for fellesskapet er særs stor i Stordal kommune og vi likar sjølvsagt at folk andre stadar ifrå omtalar oss som dugnadskommunen. Det eine anlegget/lokalet etter det andre, og ikkje minst alt det som skjer der, er ganske enkelt eineståande. No kunne vi ramsa opp mange av desse, men berre for å ta eitt eksempel så reknar ein med at det vart lagt ned ufattelege 30 000 dugnadstimar i samband med realiseringa av Stordalshallen! Både lag, organisasjonar og einskildpersonar stilte velviljug opp den gongen og det er noko liknande vi håper og trur skal vere mulig å få til også no. Dette prosjektet er elles langt mindre omfattande enn det som var tilfelle for 16 år sidan.

I samband med spelemiddelsøknaden signaliserte lag og organisasjonar her at dei kunne bidra med ein omfattande dugnadsinnsats og nedanfor ser du ei oversikt over dette:

Stordal IL: 1 416 timar
Stordal og Liabygda pensjonistlag: 200 timar
Klatreklubben: 40 timar
Stordal Pistolklubb: 50 timar
Stordal Skyttarlag: 75 timar
Stordal Skulekorps: 50 timar
Stordal Hornmusikklag: 160 timar
Stordal Folkedansgruppe: 170 timar
Til saman: 2 161 timar

Samla sett utgjer dette om lag kr 1 million i høve til finansieringa og som ein skjønar difor heilt avgjerande for prosjektet.

I tillegg til at laga/organisasjonane ovanfor har signalisert slik innsats, er det heilt sikkert fleire lag/org som ynskjer bidra og i tillegg einskildpersonar, uavhengig av kva lag/org dei sorterer under. I desse dagar går difor oppmodinga ut til alle gode krefter, slik at vi kan kome i gong og få reist tilbygget og slik at vi kan ha dette ferdig innan midten av juni 2014.

Tilbygget får ein totalkostnad på om lag 6,4 million og vil bli finansiert slik:
Kommunal løyving: kr 2.924.000
Stordal IL kr 500.000
Dugnad kr 1.000.000
Spelemidlar kr 2.000.000


Organisering av dugnadsarbeidet m.m.

Skal dugnadsarbeidet fungere best mulig, ikkje minst i høve til framdrifta, er det vesentleg med ei skikkeleg organisering. Det er difor særs gledeleg at Bård Hove (Stordal IL) har sagt ja til å stille opp som leiar i komite for teknisk framdrift . Med seg der har han også Jan Are Remme og Alfred Johansen. Desse, saman med Einar Lied (teknisk sjef) og i nær dialog med John Stavseng (Arc Ess AS) vil syte for ei best mogleg framdrift. Det er også vesentleg å peike på at det er utarbeidd eigne avtalar med kommunen sitt forsikringsselskap, slik at alle som stiller opp på dugnad er forsikra i høve til evt personskade. Sjå skjema for mellombels tilsetting, som skal nyttast av alle, både i høve til forsikring og HMS/SHA. Dette finn du, som pdf, nedst på sida.

Det er også laga til eit eige skjema som skal bidra til at den totale dugnadsinnsatsen vert dokumentert i høve til å få ut spelemidlane på heile 2 million kroner. Dette skjemaet vil også gjere det mulig å sjå kor mykje den einskilde har stilt opp, noko vi trur også vil kunne fungere som ein ekstra motivasjonsfaktor. (fleire detaljar kring dette med det aller første) 


Grunnarbeidet først

Det er kanskje opplagt at det er grunnarbeidet som må på plass først og når gjerdet nedanfor hallen er fjerna (i dag!) er det klart for at maskinarbeidet kan ta til. Her er det særs gledeleg å kunne meddele at Robert Busengdal, hjå Busengdal Transport AS, har stilt seg positiv til å fungere som leiar for denne delen av dugnadsarbeidet/prosjektet. Både i samband med realiseringa av Nye Kirkebø stadion og fleire andre prosjekt, har Busengdal Transport AS og tilsette der spela avgjerande rolle. Når grunnarbeidet knytt til tilbygget ved Stordalshallen no skal utførast, er det særs kjekt å registrere at ein også denne gongen opplever slik velvilje! Fantastisk!

Etter framdriftsplanen skal dette arbeidet vere ferdig i løpet av eit par vekers tid og då kan arbeidet med å reise sjølve bygget ta til. I tillegg vil det vere snakk om ein del arbeid (utomhus), også etter at tilbygget er kome på plass.

Kvifor treng vi dette tilbygget?

Det er kanskje ikkje naudsynt å kome nærare inn på dette her, og vedtaket i kommunestyret før ferien, må ein også kunne sjå på som ei stadfesting på at det er brei semje om at eit slikt tilbygg trengs.  

Behovet for å få eit tilbygg på plass har vore stort og stadig aukande. Sjølv om Stordalshallen frå starten av (for over 16 år sidan) hadde det meste, såg ein raskt at det var behov for meir lagerplass. Etterkvart som åra har gått har ein fått på plass stadig meir utstyr, både inn mot idrettslege aktivitetar og ikkje minst alt som har med lyd og lys å gjere. Stordalshallen er langt på veg sjølvforsynt med utstyr som trengs for å gjere idrettshallen om til konsert- og festlokale, med scene, dansegolv, trosserigg, sveivetårn osv osv. Alt dette krev mykje lagringsplass. Med tilbygget på plass, vil vi få til ei langt betre lagring av alt dette utstyret, noko som også vil gjere det lettare i høve til dei mange arrangementa. Slik situasjonen er i dag, er nemleg mykje av dette utstyret lagra rundt om i bygda og dermed går det med mykje tid til å transportere dette fram og attende. Vidare vil utvidinga av lagerkapasiteten bidra til at ein i større grad kan unngå at utstyret vert påført skadar (m.a. pga at det er trangt å få det ut og inn) og ikkje minst vil dette opne for at ein kan få på plass endå meir utstyr av ulikt slag. Det er også vesentleg å peike på at tilbygget vil opne opp for at lag og organisasjonar i langt større grad kan få sine eigne lagerlokalitetar. Tilbygget vert på to etasjar og ikkje minst i 2. etasjen vil det bli rom for slik lagring.

I tillegg til lagerplassen, vil tilbygget romme to garderober og ikkje mindre enn 6 nye toalett! I samband med dei store arrangementa både på stadion og i Stordalshallen, har nettopp dette med toalettkapasiteten vore ei utfordring. Tilbygget vil slik sett bidra til ei vesentleg forbetring også i høve til dette. Nye Kirkebø stadion har også bidratt til ein enorm aktivitetsauke og difor er behovet for to ekstra garderobar stort. Dei ekstra garderobane vil også bidra til at både Stordalshallen sine gjestar og dei som brukar stadion har tilgong til garderobar samstundes. Med den stadig aukande interessa for å nytte både Stordalshallen og stadion, er ei utviding av garderobekapasiteten også særs positivt.


Treng tilbakemelding frå deg!

Med denne orienteringa (der ein m.a. også håper og trur at det kjem klart og tydeleg fram at førebuingane er dei beste) er det å håpe at DU, så snart som råd, kan gje ei tilbakemelding i høve til kor mykje (og evt når) nettopp DU vil/kan stille opp. Med namna trekt fram ovanfor på plass, har vi fått ein "flying start" og det høyrer også med å nemne leiaren i Stordal IL, Vigdis Hove Øie, sitt arbeid med å få dei 500.000 kronene frå idrettslaget på plass. No er dermed det meste lagt til rette for innsats frå alle oss andre!

Eiga gruppe på facebook!

Ved å opprette ei eiga facebook-side, vil vi kunne halde veldig mange oppdaterte på framdrifta og ikkje minst vil vi kjapt kunne nå ut med informasjon. Det er sjølvsagt også eit ynskjemål at flest mulig vel å vere med i denne gruppa, då ein på den måten også seier frå om at ein er klar til å vere med og bidra til at tilbygget kjem på plass! Her er plass til alle, uansett kor mykje, eller kor lite ein ser føre seg å bidra med og det er alltids arbeidsoppgåver som vil kunne passe.

Fleire detaljar kjem etterkvart, men no er det altså viktig at også DU melder di interesse for å vere med på å få det nye flotte tilbygget på plass! Inviter også alle dine vennar til å bli med!


STORDALSHALLEN ER STORSTOVA VÅR OG NO KAN VI ALTSÅ I FELLESSKAP VERE MED PÅ Å REALISERE EIT TILBYGG SOM PÅ ALLE MÅTAR VIL BIDRA TIL AT TILHØVA DER VERT VESENTLEG BETRA. AT DETTE VIL VERE POSITIVT OGSÅ I HØVE TIL KIRKEBØ STADION OG STORDAL SKULE, ER OGSÅ OPENBART.  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove