Fotograf: Hallgeir Hove
Dalingane avslutta også med stil og til ståande trampeklapp! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nokre formaningar frå crewet (Lars Petter Rødset og Anne Berit Løset) før take off fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bryllupssketsjen, med Helga Løset Skodjereite i spissen, var eitt av mange høgdepunkt frå scena! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Vikingnesane i aksjon, m.a. med Knut Vikenes som utmerka vokalist fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Fullt hus - som vanleg - når det er Årsfest! fotograf Hallgeir Hove

Dalingane med ny, suveren Årsfest!

Årsfesten laurdag den 27. februar, vart av ypperste merke. Om ein skal bruke terningkast for å vurdere den, kan det ikkje bli noko anna enn seks! Det var ganske enkelt imponerande bra gjennomført på alle måtar og med ein suveren revy, som toppa det heile. Dette var tredje gongen Dalingane stod bak dette flotte arrangementet og neste år er det Vinjehjellane sin tur. Då er det endå til 20-årsjubileum!   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.03.2016

Det som alltid brukar vere høgdepunkt under årsfestane for Stordalshallen, er naturleg nok det som går føre seg på scena. Det er også dette som normalt er den største utfordringa når ein får oppdraget. Men igjen fekk ein altså vere med på ein forrykande flott revy, der ein mest skulle tru at dei som deltok hadde dette som levebrød. I tillegg til dei flotte innslaga frå scena - som i det alt vesentlegaste var øvd inn i løpet av vinterferieveka - var det også lagt ned omfattande film- og redigeringsarbeid i forkant. Dermed vart det heller ikkje eit einaste dødpunkt for publikum, der ein veksla mellom å presentere innslag frå scena og via storskjermen. Eitt av innslaga på skjermen, nemleg: Musikkvideoen "Bønder for Stordal", var også heilt fantastisk!  Dalingane hadde sjølvsagt lage eigen flott tekst til den kjende låta. I tillegg til at vi fekk oppleve den på skjermen, var det også den dei avslutta med, live frå scena. Ein fullsett idrettshall takka dalingane med ståande trampeklapp under heile avslutningsnummeret og lenge etter at avslutningsnummeret var over. 

Vikingnesane
Dalingane stilte også opp med eige band for anledningen. Det hadde fått namnet "Vikingnesane" og det var ikkje vanskeleg å høyre at dette var musikarar som held høgt nivå. Imponerande at ei lita grend klarer få til noko så imponerande bra. Det var også Vikingnesane som stod for musikken, når dansen tok til etterkvart. At dansemusikken fell i smak, var det heller ingen tvil om! Vikingnesane bestod av: Knut Vikenes (vokal), Peder Vikenes (bassgitar), Svein Furset (orgel) og Morgan Pedersen (gitar). I tillegg veksla Lasse Døving og Olai Nakken på å traktere slagverket.

Lasse Døving
Mannen som hadde hovudansvar for at publikum skulle få godlyd, var Lasse Døving frå Stranda. Det er liten tvil om at det også på dette området vart topp resultat. Det var Lasse som også tok hand om lyd og lys under UKM-arrangementet helga før og også då på utmerka måte. Etterkvart kunne han også innta podiet sjølv, som trommis i bandet Vikingnesane.

Ørskog Videoklubb
Det har blitt ein tradisjon at Ørskog Videoklubb stiller på når det Årsfest. Dermed oppnår ein at dei som sit eit stykke frå scena også kan få med seg det som skjer der. I tillegg er det slik at dei lagar til DVD av revyen. Også videoklubben fortjener mykje skryt for det arbeidet dei utfører og vi er veldig glade for at dei tek på seg oppdraget, år etter år.

God mat og effektiv servering
Genialt var det også å legge det heile opp slik at det var revyinnslag frå scena også etter at den nydelege spekematen var servert. Maten fekk vi elles servert ved borda, veldig enkelt, effektiv og smart det og.

Alfred Nilsen i Storfjordnytt har laga flott reportasje frå Årsfesten. Den er å sjå på Storfjordnytt si heimeside.

Vi fekk knipsa ein del bilder frå den flotte revyen og dermed vart det også eit omfattande galleri. Dette finn du på Stordalshallen si facebookside.


Det er verkeleg på sin plass å rette ei stor takk til alle dei som var med på å gje oss ein slik fantastisk flott kveld og med dette gratulerer vi Dalingane enno ein gong med den suverene Årsfesten!

I forkant av Årsfesten, var det høgtidleg utdeling av kulturstipend til Vibeke N Innselset og Kjetil H Tøsse, samt ein ærespris til Einar K Hove for den enorme innsatsen han har lagt ned. Ein heider også kona Kirsten, i høgste grad deler med Einar. Sjå eigen reportasje om dette.

Om du har lyst til å ta eit tilbakeblikk på tidlegare supre årsfestar, kan du gå til førehandsreportasjane

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove