Danseskolen - Ingrid Beate og Jan-Eric
På avslutningskvelden vil vi også få oppleve Ingrid Beate og Jan-Eric i aksjon, ute på parkettgolvet
Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi ein del av dei nærare 30 deltakarane på dansekurset. Torsdag 27. november skal dei vise fram alt dei har lært! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jan-Eric tek ein liten prat med den eine gruppa, før dei set i gong med instruksjonen fotograf Hallgeir Hove
Jan-Eric og Mari Maurstad
Jan-Eric hadde Mari Maurstad som dansepartnar under "Skal vi danse?"
Ingrid Beate og Steffen Tangstad
Ingrid Beate dansa saman med Steffen Tangstad

Danseball i Stordalshallen, torsdag den 27. november

Danseskolen i Ålesund har denne hausten køyrd dansekurs over 11 veker i Stordalshallen. Neste torsdag er siste kurskvelden og så er det altså klart for oppvisning veka etter. Nærare 30 born og unge har vore med og det er ingen tvil i at dei verkeleg har blitt flinke. Torsdag 27. november kan du få oppleve både dei og instruktørane (kjend frå "Skal vi danse?") i aksjon på dansegolvet.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.11.2014

For å få eit inntrykk av kor flott dette dansekurset har vore, kan det vere greit å ta ein kikk på våre tidlegare reportasjar

Sjå eigen invitasjon for meir om det heile (nedst på sida) og legg merke til at Jan-Eric og Ingrid Beate ynskjer å få inn påmeldingane innan torsdag den 20. november. Dette også for å få vite om grendasalen rett og slett blir stor nok til både dansarar og publikum. 

Det blir også sal av kaker, kaffe og brus under Danseballet og om det er eit lag, ei skuleklasse el.l., som ynskjer å stå for dette, vert det "først til mølla". Men uansett om nokon melder seg eller ei, blir det slikt sal.

Danseballet startar kl 18.00, torsdag den 27. november. Det er berre å gle seg!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove