Hellbillies
Hellbillies attende, "ten years after!"
Dansebandet
Det populære Dansebandet, med mellom andre Pål Amdam frå Ørskog, får vi også gleda av å oppleve, laurdag den 20. oktober.

Dansegalla med Hellbillies og Dansebandet, laurdag den 20. oktober.

No er det like før det vert gjensyn med Hellbillies i Stordalshallen. Laurdag den 20. oktober kjem dei dugande karane attende og skal stå for dansemusikken, saman med det populære Dansebandet. Det har no gått 10 år sidan sist Hellbillies var her hjå oss og vi ser sjølvsagt veldig fram til både gjensynet med dei og sjølvsagt også til ei knakande flott dansetilstelling i Stordalshallen.
Les meir om Hellbillies og tidlegare arrangement, ved å fylje linken nederst.

Ein vil få opplyse om at det vert billettsal ved inngongen. I og med at det ikkje har vore førehandssal av billettar, vil det vere lurt å vere tidleg ute, laurdag den 20. oktober.

Arrangør er Stordal Alpin.

Velkomen til dansegalla i Stordalshallen.
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove