Det er Jan-Eric Fransson, som har vore instruktør for dei dyktige unge dansarane desse 11 vekene og det er liten tvil i at han har gjort ein flott jobb. I tillegg til å lære mykje innan dans, har dei 30 deltakarane også hatt det supert desse øktene i lag med Jan-Eric.
Når det no var klart for avslutningsfest, kva var då meir naturleg enn å invitere til stort Danseball? Og for eit ball det vart! Grendasalen var stapp full og vi fekk verkeleg sjå kor flinke deltakarane hadde blitt. Ingrid Beate Thompson, som driv skolen i lag med Jan-Eric, var sjølvsagt også på plass i går kveld og då både som konferansier og meire til. Danseskolen varta også opp med sal av kaffe og kaker og som avrunding på det heile vart det også oppvisningsdans frå dei to dyktige dansarane, m.a. kjend frå "Skal vi danse?"
Når vi ser på kor mykje dette kurset har betydd for deltakarane, og gjerne også kor supert vi hadde det i går kveld, er det all grunn til å gle seg over at det let seg gjere å få til dette dansekurset her i Stordal. Vi var i utgangspunktet klar over at det ville bli utfordrande å få med mange nok, nettopp fordi det er så veldig mykje anna som skjer, men heldigvis lukkast ein med det. Når kursbolken denne hausten no er over og vi også har fått vore med på ei forrykande avslunting på det heile, føler vi oss rimeleg trygg på at deltakinga vil bli endå større neste gong Danseskolen i Ålesund inviterer til kurs her. For dette folkens, det var veldig, veldig bra!
Les gjerne våre tidlegare reportasjar for meir om dansekurset denne hausten.
Sjå gjerne mange fleire bilder frå det supre Danseballet i går kveld, på Stordalshallen si facebook-side.
Vi nyttar høve til å takke Danseskolen i Ålesund for at dei valgte å legge opp til dansekurs her i Stordal denne hausten og takk også for ei super oppleving i går kveld!