Fotograf: Privat
Jan-Eric og Ingrid Beate har begge to vore med i "Skal vi danse?" fotograf Privat
Fotograf: Privat
Dei to profesjonelle dansarane gler seg til å starte opp med dansekurs i Stordal fotograf Privat

Danseskolen med kurs i Stordalshallen denne hausten!

Det er særs gledeleg å kunne meddele at Danseskolen frå Ålesund tilbyr dansekurs i Stordalshallen denne hausten. Det er Jan-Eric Fransson og Ingrid Beate Thompson, som driv Danseskolen, og dei to er godt kjende m.a. gjennom si deltaking i "Skal vi danse?" (TV2) 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.08.2014

Når dei no har bestemt seg for å legge opp til kurs her i Stordal, er det all grunn til å tru at det er mange som ser fram til å få dette med seg.

Som ein ser på plaktaten Danseskolen har laga, vert dette eit kurs som går over 11 veker og då på torsdagskveldane framover. Første kurskveld vert torsdag den 4. september.

I og med at dei ser føre seg å dele opp kvelden i fem delar, ligg det også til rette for å finne nettopp det dansetilbodet ein sjølv kan tenkje seg. Det er også inndeling i høve til alder, noko som har vist seg vere veldig fornuftig.

Sjå eigen plakat som pdf, nedst på sida, for meir.

For endå meir, viser vi til den flotte heimesida til Danseskolen.

Danseskolen har også eiga side på facebook, der dei m.a. har oppretta ei hending kring kursopplegget i Stordalshallen.

Siste veke var dei to hyggelege dansarane på plass i Stordalshallen og då nytta også Storfjordnytt høve til å intervjue dei. Det er dermed all grunn til å få med seg dette i neste utgåve av SN denne veka. 

"Skal vi danse?" har nettopp starta opp igjen på TV2 no og interessa for dans ser ut til å vere stor. Kjendisane dei to - som no altså driv Danseskolen i Ålesund - dansa med, var Steffen Tangstad og Mari Maurstad.

Vi er særs glade for at Danseskolen har valgt nettopp Stordalshallen, som ein av dei stadane dei vil køyre kurse denne hausten, og no er det heller ikkje lange køyreturen hit, verken frå Valldal, Liabygda eller Ørskog (og elles også andre stadar i distriktet heller, for den del)  

No er det berre å hive seg rundt folkens! Snakk gjerne også med andre du trur kan ha lyst til å vere med på dette.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove