Dei første nye samarbeidspartnarane i 2018 på plass!

Norwegian Marine Interior - Klikk for stort bildeNorwegian Marine Interior

Når vi no er komne eit stykke ut i det nye året, er det på tide å presentere nye samarbeidspartnarar.  Dei to verksemdene som inngår avtale med oss no, er AKO Consulting AS og Norwegian Marine Interior. Det er naturlegvis stor stas for oss å registrere at interessa for å vere med på dette vinnarlaget framleis er like stor.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.01.2018

Norwegian Marine Interior - Klikk for stort bildeNorwegian Marine Interior Norwegian Marine Interior - Klikk for stort bildeNorwegian Marine Interior Norwegian Marine Interior - Klikk for stort bildeNorwegian Marine Interior Norwegian Marine Interior - MS Roald Amundsen - Klikk for stort bildeNorwegian Marine Interior - MS Roald Amundsen

I denne reportasjen har vi gleda av å presentere nærare, denne eine av dei to nye verksemdene som kjem med no, nemleg Norwegian Marine Interior.

NMI - Norwegian Marine Interior er eit selskap i Langsetgruppen. NMI har lang erfaring og høg kompetanse innan isolasjon og innreiing for skip og marine installasjonar. Selskapet vart etablert i 2014 og har, sidan den gongen, hatt ein eventyrleg vekst.

Ei historisk kontrakt med Kleven Verft i samband med bygginga av to nye skip for Hurtigruten, er eit godt døme på dette. Dei to skipa Hurtigruten har bestilt, vert elles omtala som verdas mest miljøvenlege ekspedisjonsskip – hybriddrivne MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen.

Den flotte nettsida til Norwegian Marine Interior, er vel verdt eit besøk!

Sjølvsagt er NMI også på facebook!

 

Her er ein del reportasjar som viser noko av den suksessen Norwegian Marine Interior opplever:

http://petro.no/norwegian-marine-interior-vinner-storkontrakt/42992

http://www.smp.no/naeringsliv/2016/10/12/Kleven-signerte-storkontrakt-med-Molde-selskap-13635863.ece

http://www.langset.no/news/nmi-awarded-historic-hur

Sjå gjerne meir også om MS Roald Amundsen

 

Med dette ynskjer vi Norwegian Marine Interior velkomen med på laget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove