Dei nye trenings- og øvingstidene i ferd med å kome på plass

Når vi no skriv tysdag 19. august, er det ni dagar sidan fristen for å søkje på trenings- og/eller øvingstider ved Stordalshallen gjekk ut. Ein del har alt fått sendt inn søknad og vi har etter beste evne forsøkt å fordele tidene, slik det kan passe best mulig for dei fleste. Er det fleire som ynskjer trenings- og/eller øvingstid tru?

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.08.2014
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Stordal skulekorps ynskjer øvingstid som før, nemleg på tysdagane frå kl 1700 til kl 2000 fotograf Ruth Janne Vinje

For dei mange som enno ikkje har fått sendt inn søknad, kan det vere lurt å gjere dette omgåande. Ikkje minst om det er slik at ein har særskilte ynskje om dag og tid.

No kan det også vere slik at dei som så langt har sendt inn sine ynskje, ikkje har fått alle ynskja sine innfridd og også for dei kan det vere lurt å sjekke oversikta for å sjå om nokon av dei ledige tidene kan passe. 

Nedst på sida her, finn de ein pdf som syner kva trenings- og øvingstider, som er sett opp til no (dette er med andre ord ei førebels oversikt). Dermed kjem det også i røynda fram kva tider det er som framleis er ledig. Noko som kan passe tru? 

Sjå gjerne vår førehandsreportasje for meir om korleis du går fram. Denne reportasjen var sjølvsagt også å finne på Stordal kommune si heimeside og vidare vart den delt både på Stordalshallen si facebookside og på Barnas kommune si facebookside

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove