Dei nye treningstidene er klare!

Frå og med måndag 19. januar, vil nye trenings- og øvingstider verte gjeldande ved Stordalshallen. Det er først og fremst vedr treningstidene i idrettshallen ein vil finne dei største endringane.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.02.2015
Fotograf: Randi Flø (Storfjordnytt)
Taekwon-do er spanande og mange ynskjer delta på den supre aktiviteten fotograf Randi Flø (Storfjordnytt)

Viser til tidlegare reportasjar, der vi har kome inn på at det vart ekstra utfordrande å skulle klare å innfri ynskja til dei mange som ville ha fast treningstid denne gongen. Når vi no har eit oppsett klart, er det å håpe at alle har fått tider "til å leve med". I alle fall håper vi på forståing for at det er praktisk umulig å få det til slik at fleire grupper, som har ynskje om å nytte idrettshallen til same tid (og som alle treng heile hallen!), ikkje kan få ynskja sine innfridd.

Når vi no presenterer dei nye tidene, er det også viktig å få formidla at det kan verte behov for å gjere endringar i oppsettet, men då berre i tilfelle det er gjort feil (les; at det er grupper som har søkt, som t.d. rett og slett ikkje er komne med) 

Det er også på sin plass å oppmode lag innan fotballgruppa - som måtte meine at tidene presenterte her ikkje er bra nok - om å ta dette opp med leiarane i gruppa. Om fotballgruppa då evt kjem fram til andre løysingar, innanfor det som er av tider fordelte på nettopp fotball, er det uproblematisk. (ein nemner dette særskilt, då nettopp fotballgruppa samla sett "legg beslag på" mykje av den tilmålte tida i idrettshallen)

Sjå oversikta over dei nye trenings- og øvingstidene, som pdf, nedst på sida!

Nokre lag startar opp med utetrening alt no!

Noko av det som gjorde at det vart lettare å fordele tidene no, er at fleire av laga på gutesida har bestemt at dei skal starte opp med treningane ute alt frå og med komande veke. Skulle vi derimot kome i den situasjonen at det vert uråd å trene ute ein periode, må vi andre vere opne for å "ta imot/gje plass" også til desse gruppene. T.d. vil det ikkje vere noko problem for J 13 - J 16 å opne opp for at G 13 kan få trene samstundes, om forholda utandørs er håplause. Det handlar om å vere fleksible og då får ein til det meste.

Omsynet til dei mange andre aktivitetstilboda

I ei kommune der aktivitetsnivået er så høgt, og der tilboda er så mange, vert det ei utfordring å få det til slik at ein kan unngå mest mulig kollisjonar. Også denne gongen er det å håpe at ein har fått til dette, slik at m.a. skulekorps, barnekor og barneidrett vert mest mogleg "skjerma". Så får vi også "leve med" at enkelte vert nøydd til å gjere val og der ein rett og slett ikkje rekk over alt, på ein og same dagen.

Alle må halde seg oppdatert på kva treningar/øvingar som går ut!

Som tidlegare, vert det med jamne mellomrom laga til oversikt over treningar/øvingar som går ut, rett og slett fordi det er så mykje som skjer ved Stordalshallen. Dette gjeld spesielt besøk utanfrå og dei mange flotte arrangementa. Oversikta finn ein på same staden som der treningstidene vert presenterte, på heimesida vår.

Les gjennom instruksen for bruk av Stordalshallen og ta ansvar!

Alle dei som har fått trenings- og øvingstid ved Stordalshallen, har sjølvsagt eit stort ansvar både i høve til det som gjeld sikkerheita til alle som er med og i høve til at innventar og utstyr skal behandlast skikkeleg. Vidare minner vi om at alle må hugse på å føre i loggen, at siste gruppe kvar kveld skal moppe over idrettshallen, at dører skal låsast og lys sløkkjast.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove