Den 104. helselagsbasaren går av stabelen på fredag!

Helselagsbasar - arkivfoto - Klikk for stort bildeHelselagsbasar - arkivfoto

Nok ei påske er tilbakelagt og like sikkert som denne kjem kvart år, er også helselagsbasaren første fredagen etter. Og første fredagen etter påske, det er i morgon det og dermed er det berre å leite fram lommeboka og vinnarlukka og ta turen til Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.04.2017

I reportasjen frå i fjor, finn du også lenker som tek deg med tilbake til tidlegare helselagsbasarar. Om du ikkje finn reportasjar frå alle dei 103 føregåande basarane, finn du iallefall også ein reportasje frå den fine jubileumsfesten til helselaget i 2014. Den gongen feira laget - ganske riktig - at det var blitt 100 år!  

Helselaget har oppretta ei eiga hending på facebook og der finn de meir info

Den 104. helselagsbasaren startar kl 18.00, fredag den 21. april 2017!

Det er ikkje mykje som er meir gjevande og meiningsfullt å delta på, enn Stordal Helselag sine årlege basarar!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove