Den 106. helselagsbasaren vel i hamn!

Helselagsbasar 2019 - mykje folk som alltid - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2019 - mykje folk som alltid

Denne helga har vi hatt nok eit handballag frå Aksla IL på besøk, men sjølvsagt var fredagskvelden sett av til helselagsbasar. Dette er ein urokkeleg tradisjon. Første fredag etter påske, er det alltid basar i regi av helselaget. Og for ein tradisjon vi snakkar om her! Tenk at det no har vore arrangert slik basar i 106 år!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.04.2019

Helselagsbasar 2019 - Stordal Hornmusikklag spelar - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2019 - Stordal Hornmusikklag spelar Hallgeir Hove Helselagsbasar 2019 - Ragnhild, Norunn og Hildegunn - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2019 - Ragnhild, Norunn og Hildegunn Hallgeir Hove Helselagsbasar 2019 - gevinstbord - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2019 - gevinstbord Hallgeir Hove Helselagsbasar 2019 - gevinstbord - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2019 - gevinstbord Hallgeir Hove

Sidan Stordalshallen stod ferdig har denne basaren blitt arrangert i Stordalshallen og sjølv dette kan med rette kallast ein tradisjon, i og med at Stordalshallen feira sitt 20 årsjubileum i 2017.

Helselagsbasarane samlar mykje folk og innbyggjarane i heile kommunen, næringsliv og privatpersonar stiller velvillig opp og bidreg. Dette gjer at Stordal Helselag faktisk kan vise til resultat heilt opp mot imponerande kr 100.000,-.

Tradisjonen tru stilte Stordal Hornmusikklag opp og spela på basaren. Som mange veit har også dette laget lange og rike tradisjonar og i 2016 feira dei faktisk sitt 125 årsjubileum!

I tillegg til alle åregjenstandane som skulle ut, var det også ei heil mengd med flotte gevinstar gitt av lokalt næringsliv som fekk seg nye eigarar.

Det var imponerande å sjå kor mange det var som hadde funne vegen til Stordalshallen også denne gongen, og det sjølv om det var eit alldeles strålande ver ute. Dermed er det all grunn til å håpe og tru at det vart eit flott resultat også denne gongen, til stor glede og nytte for heile lokalsamfunnet vårt.

Det er berre å gratulere med strålande innsats, nok ein gong!

Sjå gjerne vår førehandsreportasje, der vi også tok eit omfattande tilbakeblikk

Sjå endå fleire bilder frå den 106. helselagsbasaren på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove