Den 12. Stordalssamlinga, vel i hamn

Stordalssamlinga 2019 - deltakarar og instruktørar - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2019 - deltakarar og instruktørar Hallgeir Hove

Sist helg gjekk den tradisjonsrike Stordalssamlinga av stabelen. Over 40 unge og lovande langrennsløparar frå heile fylket vårt, kan sjå tilbake på ei helg med mange nyttige treningar leia av dyktige instruktørar og ikkje minst ei helg der dei også har fått litt tid til den sosiale biten. I ein elles så hektisk treningskvardag, er ikkje minst dette ein viktig motivasjonsfaktor.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.10.2019

Stordalssamlinga 2019 - presentasjon av deltakarar - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2019 - presentasjon av deltakarar Hallgeir Hove Stordalssamlinga 2019 - 1 500 meter finale - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2019 - 1 500 meter finale Hallgeir Hove Stordalssamlinga 2019 - oppvarming fredagen - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2019 - oppvarming fredagen Hallgeir Hove Stordalssamlinga 2019 - oppvarming fredagen - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2019 - oppvarming fredagen Hallgeir Hove

Denne 12. utgåva av Stordalssamlinga, fylde malen frå tidlegare år. Ingen grunn til å endre så mykje på noko som har vist seg fungere så godt, og som har hausta så mange lovord frå dei som har vore med. Sjå meir om dette i vår førehandsreportasje. I den reportasjen finn du også lenker tilbake til samtlige av dei tidlegare utgåvene av denne supre samlinga. Der finn du også ei rad med bildegalleri og kjekke filmopptak frå samlingane.

Suksessen frå tidlegare år, gjorde altså at det var liten grunn til å gjere særleg med endringar og dermed var det også denne gongen slik at gjengen hadde base i Stordalshallen. Der budde dei frå fredag ettermiddag til søndag rundt kl 16.00 då det heile vart runda av med premieutdelingar m.m. Fast er det også at første treningsøkta vert gjennomført i Stordalshallen og då slik at både team-track og mykje av alt det andre utstyret Stordalshallen har, vert teke i bruk. På laurdagen vart det også tid til ei økt i klatreveggen og Helga Øvrebust frå klatreklubben stilte på som instruktør der.

Elles pågjekk mykje av treningane på asfalt, og då sjølvsagt på rulleski. Denne gongen kunne utøvarane også ta i bruk den flotte asfalten i området ved den splitter nye barnehagen i Grigås. Terrengløp høyrer sjølvsagt også med.

Veret har alltid ein del å seie, for det som skjer utomhus, og også denne gongen viste vergudane seg frå si beste side.  

No har vi mest bilder frå den første kvelden i Stordalshallen, men arrangørane har fått laga ein flott film frå helga og den er det absolutt vel verd å sjå.

Vil du sjå fleire bilder frå samlinga, finn du dei på Stordalshallen si facebookside

Stas at også andre lenker til oss! Her Møre og Romsdal Skikrets si side

Då gjenstår det berre å gratulere langrennsgruppa med ei ny, strålande samling gjennomført og samstundes takke alle dei som tok turen hit til Stordal og Stordalshallen denne helga.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove