Den 39. utgåva av Stordalscup, vel i hamn

Stordalscup 2019 - 3 vs 3 er kjempegøy - Klikk for stort bildeStordalscup 2019 - 3 vs 3 er kjempegøy Hallgeir Hove

Nok ein Stordalscup er tilbakelagt og etter det vi har grunn til å tru er tilbakemeldingane også denne gongen udelt positive. Kampavviklinga og anna, gjekk som smurt og det var godt med folk som besøkte dei rekordmange standane/utstillarane, både i og utanfor Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.06.2019

Stordalscup 2019 - folksamt i Stordalshallen - Klikk for stort bildeStordalscup 2019 - folksamt i Stordalshallen Hallgeir Hove Stordalscup 2019 - karnevalstog, Barnas cupfredag - Klikk for stort bildeStordalscup 2019 - karnevalstog, Barnas cupfredag Hallgeir Hove Stordalscup 2019 - Vestbyen og Stordal - Klikk for stort bildeStordalscup 2019 - Vestbyen og Stordal Hallgeir Hove Stordalscup 2019 - populære jungeldyr - Klikk for stort bildeStordalscup 2019 - populære jungeldyr Hallgeir Hove

Stordalscup starta som vanleg på fredagskvelden, og då med Barnas cupfredag. Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps fiksa flott karnevalstog frå sentrum og til stadion. I Stordalshallen køyrde Maria Holand Tøsse eit triveleg opplegg med sang og moro og på stadion varta herrelaget opp med sambafotball av beste merke då nabo Valldal vart slått med heile 11-0. Niande klasse ved Stordal skule var også delarrangør denne kvelden og dei varta opp med nydeleg rømegraut og ikkje minst flott tombola, for å nemne noko.

Nærare 60 aldersbestemte lag møttest så dei to neste dagane i sjuar-, femmar- og trearfotball. Ikkje minst sistnemnte spelform ser ut til å bli stadig meir populært og kjekt er det naturlegvis å vite at det er nettopp her i Stordal at desse banene er/vert utvikla og produsert. Etter det vi forstår går produksjonen av desse banene for fullt hjå SIMEK og skikkeleg innbydande er dei.

Men det er altså langt frå berre fotball, som står på programmet når det er Stordalscup. Ikkje minst var det rekordmange utstillarar denne gongen og felles for dei alle, var det at dei var skikkeleg forseggjorte og her kunne ein verkeleg gjere mange gode handelar og om ein ynskte det. I løpet av helga var det nokre periodar med regn, men med all aktiviteten også i Stordalshallen, gjer heller ikkje nokre regndråpar alt for mykje.

Blant mange kjekke aktivitetar, var det både hoppeslott, "bumperz" og gladiatorarena. Dei populære jungeldyra var også på plass, til stor glede for borna.

Innbydande frukttelt er alltid på plass når det er Stordalscup og det er ikkje vanskeleg å forstå at det også har vanka prisar for slikt. Så kjem vi heller ikkje utanom å nemne grillmaten og at denne smakte like fortreffeleg som åra før.

Stordalscup er også ei massemønstring når det kjem til dugnad, som kjent, og i tillegg til den enorme innsatsen undervegs og i forkant, var det også folksamt når alt saman skulle transporterast eller pakkast vekk frå stadionområdet, Stordalshallen skulle gjerast klar til normal bruk, osv. Oppryddinga starta kl 16.30, rett etter at dei siste turneringskampane var over, og i løpet av 2 timar var alt, både ute og inne. Liten og stor stiller opp, vel vitande om at så lenge ein er mange, er dette faktisk ein overkomeleg jobb. Kjekt er det og.

Jubileum neste år!

Når vi skriv 2020, neste år, er det faktisk 40 årsjubileum for Stordalscup og arrangørane har klare planar om å gjere neste års arrangement ein jubilant verdig. For det første vil ein heilt klart tilbake til den helga ein har brukt å arrangere på dei siste åra. Det vil seie at cupen nok kjem til å bli tidlegare enn jonsokhelga. (stor sjanse for å unngå dårleg ver også då..) For det andre er det nok også veldig aktuelt å få tivoliet på plass att til neste år. Kanskje vil det skje meir også på kveldstid og så vil det ganske så sikkert bli både ei og fleire overraskingar. Det er berre å fylje med på Stordalscup si heimeside og vere klar til å melde sin ankomst, når den tid kjem.

 

Då er det nok ein gong berre å gratulere med nytt vel gjennomført arrangement og å takke dei mange som besøkte Stordalscup, anten det no var som spelarar, trenarar, supportarar, eller rett og slett som besøkjande på anna vis. 

 

På Stordalscup si facebookside, finn du over 300 bilder frå folkefesten. 

Glimt frå Barnas cupfredag

Glimt frå laurdagen og søndagen

Om du har lyst, kan du også ta eit tilbakeblikk - år for år - heilt til 2007. Det har blitt nokre bildegalleri sidan då, for å seie det sånn

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove