Fotograf: Hallgeir Hove
Utøvarar og instruktørar samla i Stordalshallen fredagskvelden fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sjefsinstruktør, Pål Bjørn Øvrebust, orienterer om det som skal skje. Leiar i langrennsgruppa, Erik Røkke, lengst til venstre fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Litt klatring vart det også tid til fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Team-track´n er alltid like populær fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var stor aktivitet også langs vegane i løpet av helga. Her er ei av gruppene samla og klare til å forsere bakkane i Hovslia fotograf Hallgeir Hove

Den 6. utgåva av Stordalssamlinga i langrenn, vel i hamn!

Heile 67 utøvarar frå heile fylket deltok på denne populære treningssamlinga, som altså langrennsgruppa i Stordal IL står bak. Årets utgåve var den sjette i rekkja og etter tilbakemeldingane å dømme var denne like vellukka som tidlegare år. At langrennsløparar er hardhausar, er det heller ingen tvil om!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.10.2013

Stordalshelga i langrenn starta som vanleg opp med ei omfattande økt i Stordalshallen på fredagskvelden. Her var det mykje fokus på styrketrening, men i tillegg var det også lagt inn ein heil del anna kjekt. M.a. var team-track´n som vanleg rigga opp og det var også ein stasjon med innebandy.

I løpet av laurdagen og søndagen vart det fleire økter på rulleski og det vart rett så folksamt på vegane, både i Stordal sentrum og elles. Området rundt Stordalshallen vart vidare nytta til å køyre øvingar som sokalla "elghufs" og anna. 

Stordalssamlinga i langrenn vert alltid avslutta med knallhard konkurranse der rulleski og terrengløp inngår. Men tru ikkje at utøvarane låg på latsida i forkant av denne. At Stordalssamlinga er for hardhausar, er det nemleg ingen tvil om. Samstundes er ei slik samlig også viktig i høve til det sosiale og det at deltakinga er så god som den er, seier nok også mykje om nettopp den biten.

For den som vil sjå dei særs imponerande resultata frå konkurransen på søndagen, viser vi til langrennsgruppa si heimeside.

Som vanleg hadde langrennsgruppa fått med seg mange dyktige instruktørar også utanfrå og både foreldra til dei tilreisande og sjølvsagt eit særs dyktig korps med friviljuge frå arrangørklubben, er avgjerande for suksessen.    

Erik Røkke, leiar i langrennsgruppa i Stordal IL, kunne også denne gongen slå fast at Stordalshallen fungerer glimrande som base for samlingar som dette.

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje og få med dykk lenker til reportasjar frå alle dei tidlegare suksessamlingane!

Fyl gjerne også den særs aktive langrennsgruppa i Stordal IL, på facebook!     

Vi gratulerer langrennsgruppa med vel gjennomført samling nok ein gong og nyttar samtidig også høve til å takke dei mange tilreisande for det hyggelege besøket!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove