Fotograf: Hallgeir Hove
Dei fleste av deltakarane på plass framfor klatreveggen, rett før heimreise fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ulsteinvik Skulekorps har supre medlemmar! fotograf Hallgeir Hove

Denne helga var det Ulsteinvik Skulekorps som gjennomførte øvingshelg i Stordalshallen

Vi har tidlegare peika på at skulekorpsa i heile regionen vår, ser ut til å funne ut at det slett ikkje er så dumt å legge øvingshelgane sine til nettopp Stordalshallen. Dette synest også vi er veldig stas sjølvsagt. Når også Ulsteinvik Skulekorps med om lag 45 musikantar og mange foreldre/leiarar har gjennomført si øvingshelg hjå oss no, er dette med på å stadfeste den store interessa.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.11.2015

Sjølv om det er eit bra stykke å reise frå Ulsteinvik og hit til oss, nemner vi gjerne at vi har hatt endå meir langvegsfarande musikantar på besøk denne hausten. Jøleik Skulekorps, frå Leikong (Herøy kommune), er nemleg eitt av dei mange korpsa som har besøkt oss denne hausten.

Men tilbake til gjengen frå Ulsteinvik. Dei fekk verkeleg mykje tid til øving, i og med at dei var klare til å sette i gong med første økta alt rundt kl 1900 på fredagskvelden. På laurdagen var det så gruppeøvingar til langt på dag. Denne dagen var det også lagt opp til ei økt på over 2 timar i klatreveggen for dei som ville vere der, kombinert med litt anna aktivitet i hallen. For dei som heller ville ta seg ein tur i badebassenget, var dette også mulig. Stor takk til Morten Tvervåg, som stilte opp som badevakt i samband med opplegget.

Det var også dei som rakk å få med seg både litt bading og litt klatring, medan enkelte av musikantane faktisk klatra i over to timar! Liten tvil om at det var populært og i og med røynde instruktørar som Kjell Mulelid og Helga Øvrebust på plass - assistert av underteikna - vart det stor aktivitet i veggen.  

Til liks med dei andre korpsa som har besøkt oss, var det naturlegvis lagt opp til ein heil del sosialt om kveldane og på fredagskvelden leverte Joker Stordal nysteikt pizza på døra, medan det var taco på menyen, laurdagskvelden. Filmframsyning på storskjermen i grendasalen, cup-finale på flatskjermen i foajeen (for dei som hadde tid til det..) stod også "på programmet".  

Med sine om lag 45 musikantar og ei bra gruppe med foreldre og leiarar, var dette sjølvsagt ei relativt stor gruppe. Men dette såg likevel ikkje ut til å vere noko problem og etter det vi har grunn til å tru - og dei tilbakmeldingane vi har fått - vart dette ei vellukka helg. 

Også på søndagen rakk dei å få øvd ein heil del, før dei pakka og vaska seg ut, rundt kl 1500 på ettermiddagen.

Det var naturleg nok stor stas for oss å få besøk av Ulsteinvik Skulekorps, og ein suveren gjeng var det! Om dei ynskjer å legge opp til øvingshelgar hjå oss, ved seinare høve, ja så veit dei at dei er hjarteleg velkomne!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove