Det eine besøket, etter det andre!

Ulsteinvik Skulekorps, nov 2015 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps, nov 2015 Hallgeir Hove

I går kveld hadde vi besøk av idrettsskulen i Liabygda og i dag kjem ei gruppe på ca 25 frå Ålesund folkehøgskole. Dei blir til i morgon (fredag). Men tru ikkje at det er slutt med det. Berre nokre timar etter at studentane frå Ålesund har reist heim, kjem det 75 musikantar - i tillegg til mange leiarar og instruktørar - frå Ulstein skulekorps. Dei har vi gleda av å ha på besøk heile helga og dette blir tredje gongen på berre få år, dei besøkjer oss. Litan tvil om at dei trivast her.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.02.2018

Ulsteinvik Skulekorps feb 17 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 17 Hallgeir Hove Ulsteinvik Skulekorps feb 17 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 17 Hallgeir Hove Ulsteinvik Skulekorps feb 17 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 17 Hallgeir Hove Ulsteinvik Skulekorps feb 17 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 17 Hallgeir Hove

Ålesund folkehøgskole skal boltre seg i flotte skiløyper i Overøye- Langsæterområdet i dag og det ser ut til at dei får ein nydeleg dag på fjellet. I kveld blir det masse aktivitet i Stordalshallen, med m.a. miniatyrskyting som eit av høgdepunkta.

Våre gjestar frå Søre Sunnmøre skal naturlegvis bruke mykje tid på å øve, men også dei skal ha eit aktivitetsopplegg på laurdagen, men både klatring, skyting og mykje anna kjekt.

Vi kjem sjølvsagt tilbake med reportasjar i etterkant av dei kjekke besøka, men eit tilbakeblikk på Ulsteinvik skulekorps sine øvingshelgar her, kan kanskje vere kjekt?

Her er reportasje frå øvingshelga til Ulsteinvik skulekorps i november 2015

Her er reportasje frå øvingshelga til Ulsteinvik skulekorps i februar 2017

Vi synes naturlegvis at det er stor stas at det er så populært å kome på besøk til oss og det er faktisk slik at vi ikkje klarer finne plass til alle. Som kjent er det nemleg også ein heil del anna som skjer i Stordalshallen og også den månaden vi no nettopp har starta, kan m.a. by på både lokalmønstring av UKM og Årsfest!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove