Det er no klart kven som får tilbod om å delta på fylkeskulturmønstringa!

UKM 2017 - Jury - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Jury Hallgeir Hove

Vi har nettopp lagt ut reportasje om nok ei strålande lokalmønstring her i Stordal. No kan vi også presentere det juryen kom fram til, med tanke på kven som får tilbod om å delta på fylkeskulturmønstringa i Midsund kommune, fredag 31. mars til søndag 2. april. Men før vi presenterer dei juryen har plukka ut, vil vi enno ein gong nytte høve til å gratulere og å takke, alle dei som var med på å gjere lokalmønstringa sist søndag til slik ei suveren oppleving!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.02.2017

UKM 2017 - White Fellas - Klikk for stort bildeUKM 2017 - White Fellas Hallgeir Hove UKM 2017 - Herdis Kamp - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Herdis Kamp Hallgeir Hove UKM 2017 - Tigers comeback - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Tigers comeback Hallgeir Hove UKM 2017 - Isak Tafjord sitt foto, "Elv" - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Isak Tafjord sitt foto, "Elv" Hallgeir Hove

Fylkesmønstringa av UKM, skal altså i år arrangerast i Midsund kommune, og vi føler oss trygg på at dette vert ei stor oppleving for deltakarane våre. Vi er også sikre på at dei som er peika ut til å representere Stordal kommune, kjem til å gjere dette på ein utmerka måte.  

Under lokalmønstringa på søndag, vart juryen presentert for publikum og dei fekk også vel fortjent applaus for innsatsen sin. Det er nemleg ikkje nokon enkel jobb å skulle velje ut kven som bør få høve til å delta på fylkeskulturmønstringa. Som namnet tilseier, er dette først og fremst ei mønstring og ikkje ein konkurranse. Om ein då skulle vere av dei som ikkje får høve til å delta på fylkesmønstringa denne gongen, betyr det slett ikkje at det ikkje var bra nok det du bidrog med på søndag. Med tanke på responsen frå publikum og elles det vi observerte, kan samtlege vere kjempegodt nøgde med det dei leverte.

I tillegg til å peike ut kven som får høve til å gå vidare, skal juryen vidare gje kvar og ein av dei som har vore med, anten det no var på scena, eller med kunst, ei skrifteleg tilbakemelding. Det høyrer med å nemne at juryen var på plass lenge før publikum byrja dukke opp, slik dei kunne sturdere kunstutstillinga i fred og ro. Det vart vidare langt på kveld før jobben var unnagjort.

Vi nyttar difor igjen høve til å takke; Maria Holand Tøsse, Joakim H Helgesen og Ola Stavseng, for innsatsen.   

Her er juryen sitt framlegg til deltakarar på årets fylkeskulturmønstring:

 

SCENE:

White Fellas (Emre Øcalan, Sondre Hovde og Vetle Øvrebust) m/sangen "Straight outta compton".

Herdis Kamp med sangen "Dueles".

Tigers comeback (Celina Olsen Almås, Thea Marie Ekroll Hove, Paula Løset Skodjereite og Mariell Hove Busengdal ) med danseinnslag.

Sinne Eisma på piano: "Comptine d'un autre ètè : l'après-midi".

 

FILM:


Laurent Mupenda med eigen "triksefilm".

 

UTSTILLING:

Isak Tafjord med fotografiet "Elv"

Sanne De Vrieze med teikninga "Good friends"
 

Vi gratulerer nok ein gong alle deltakarane med flott innsats og samstundes ynskjer vi dei som er plukka ut til å representere Stordal kommune, lykke til på fylkeskulturmønstringa!

Sjå reportasjen vår frå den flotte lokalmønstringa søndag den 19. februar!

På UKM si nettside, får du med deg alle detaljar

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove