Det flotte tilbygget på det næraste ferdig!

Det flotte tilbygget ved Stordalshallen, er på det næraste ferdig og berre detaljar står att. Nok ein gong har vi vist kva vi i fellesskap kan få til i denne lille kommunen vår og nok ein gong har dette blitt mulig, ikkje minst takka vere einskildpersonar si støtte og sin dugnadsinnsats.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.08.2014
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Tilbygget sklir fint inn i den opprinnelege fasaden. Bildet er teke frå Fjelladalen av Bjørnar Midtbust i samband med Stordalscup 2014 fotograf Bjørnar Midtbust

Når vi nærmar oss sluttfasen, er det viktig for oss å få ei fullstendig oversikt over alle dei som har vore med og bidratt.

Stordal IL har oversikt over alle dei som har vore med og bidratt med pengegåver, men det er enno ikkje alle som har fått levert inn oversikt over timane sine. For at vi skal få med alle desse i oversikta og synleggjort innsatsen samla sett, er det viktig at vi får hjelp til å få denne oversikta komplett.

Pr dato har vi ei oversikt over dugnadsstyrken, som tel heile 91 personar! Til saman har desse utført imponerande 1 850 dugnadstimar!!  Men vi veit altså at det er endå fleire som har vore med og også desse fortjener sin plass på lista. I tillegg vil dei garantert vere med å bidra til at vi kjem til å passere grensa på 2 000 timar, som vart lagt til grunn i samband med søknad om spelemidlar. Det er dermed også av den grunn viktig at vi får inn også dei siste listene.

Vi kjem sjølvsagt attende med meir om tilbygget vårt, men no først ynskjer vi altså drahjelp for å få komplett oversikt over dugnadsinnsatsen!

Sjå den førebelse oversikta over dei vi har på lista vår (pdf nedst på sida) og hjelp oss å få denne komplett! Vi må få på plass dei siste namna snarast råd og seinast innan august månad.

Liten tvil om at dette er imponerande saker!!

Sjå gjerne dei mange bildegalleria vi har lagt ut for å synleggjere den eineståande innsatsen!

Sjå gjerne også våre tidlegare reportasjar på heimesida vår!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove