Fotograf: Hallgeir Hove
Vinnarane saman med Kirsten Ludvigsen (Holt Gardsmat) og juryen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Juryen beståande av Charles Tøsse, Anne Berit Løset og Jens Åge Øvrebust, hadde ingen lett jobb når dei skulle rangere dei fire gruppene fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
John Helge Larsen har hovudansvaret for desse gjevande prosjekta fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Rektor Bjørnar Midtbust var også imponert over kreativiteten og innsatsen elles fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Elisabeth Lorgen, kontaktlærar for 9. klasse, kunne også konstatere at elevane hadde jobba godt fotograf Hallgeir Hove

Dugande gründerar

Sist fredag kunne dugande 9. klassingar ved Stordal skule presentere resultatet av årets gründercamp. Elevane var delt inn i fire grupper, som hadde fått kvar sine problemstillingar og oppdragsgjevarar. Til liks med tidlegare, imponerte elevane og juryen fekk ikkje noko enkel oppgåve når dei skulle rangere dei fire gruppene.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.06.2013

Det er altså ikkje første gongen Stordal skule arrangerer slik gründercamp og gjennom desse prosjekta får elevane vist ei imponerande evne til å finne gode løysingar m.a. basert på stor kreativitet og nytenking. Med tanke på at elevane berre har tre dagar på seg til å gjere alt klart til presentasjonen, vert dette ekstra imponerande.

Dei fire gruppene hadde fått fyljande oppdragsgjevarar/verksemder: Best Stordal, Holt Gardsmat, Stordal skule og Stordalshallen.

Juryen bestod av: Charles Tøsse, Anne Berit Løset og Jens Åge Øvrebust.

Les flott reportasje om skulen sin gründercamp i dagens utgåve av Storfjordnytt. 

Reportasjen i Storfjordnytt også på nettsida til avisa!

Sjå fleire bilder på Barnas kommune si facebookside.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove