Fotograf: Hallgeir Hove
Matservering høyrer med når det er dugnad på gong! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Steinar og Svein Harald i sving, måndag 27. januar fotograf Hallgeir Hove
Stordal IL, logo
Stordal IL har snart fått samla inn imponerande kr 500.000!

Dugnadsarbeidet er i full gong og no manglar ein berre kr 30.000!

Arbeidet med å få tilbygget ved Stordalshallen på plass, går særs bra. Når ein no er godt i gong med det ein har kalla dugnadsfase 2, er det all grunn til å hevde dette. I tillegg melder idrettslaget at det no står att berre kr 30.000, før ein er i mål med gåveaksjonen sin. Imponerande greier også det, når ein veit at det er kr 500.000 det er snakk om!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.01.2014

Dugnadsfase 2 starta opp torsdag den 23. januar og no har så å seie alle dei seks laga vore i sving. Les meir om organiseringa i våre tidlegare reportasje. No er det sjølvsagt slik at dei som utgjer desse laga, tid om anna, ikkje har høve til å stille på. Ikkje minst er det fleire som er særs opptekne med eit anna dugnadsprosjekt, nemleg Årsfesten! Det er difor særs gledeleg å registrere at det er fleire som har meldt seg til teneste, også utover dei som opprinneleg var sett opp. Det er også dei som faktisk stiller opp også utover dei dagane/øktene dei er sett opp på. I desse dagar er det endå fleire som har fått e-post der dei vert invitert med. Dette fordi ein skal vere sikker på at det kjem nok folk til kvar økt, i tillegg til dei som har stilt seg positive til å vere dugnadsleiarar. Om du er ein av dei som ikkje har motteke slik henvendelse er det sjølvsagt kjempeflott om du likevel tek kontakt og melder får kva tid du har høve til å stille på. Sjå oversikta over når dugnadane pågår i reportasjen lenka til, ovanfor.

Du finn sjølvsagt mange bildegalleri og meire til, på våre facebooksider!

Stordalshallen si facebookside 

Utvidinga av Stordalshallen 

Hendinga: Klart eg vil stille opp på dugnad for å få tilbygget ved Stordalshallen på plass!


Imponerande gåveaksjon!

Vi har elles også i fleire tidlegare reportasjar presentert resultata frå gåveaksjonen til Stordal IL, etter kvart som pengane/gåvene har strøymt på der. Det er ganske enkelt imponerande at ein no på det næraste er i mål med denne og som oversikta nedanfor syner, er det snakk om kun kr 30.000 som står att no! Om du ynskjer å vere med og bidra til at ein kjem i mål, er det sjølvsagt suverent og hugs at alle bidrag, uansett størrelse, vil vere til stor hjelp. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove