Dugnadsgeneralen jubilerer!

Sjølvaste dugnadsgeneralen vår, Einar K Hove, fyller 80 år i dag og det er difor på sin plass å gje han ei helsing på den store dagen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.12.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Einar K Hove i sving kl 0500 om natta fotograf Hallgeir Hove

Heilt sidan første spadetaket for Stordalshallen vart teke, har Einar brent for denne. Først i form av sin enorme dugnadsinnsats, der han var den med desidert flest dugnadstimar av alle. Dette seier elles ikkje så reint lite, når vi snakkar om eit dugnadsprosjekt som er viden kjent. Over 30 000 dugnadstimar i ein kommune med om lag 1 000 innbyggjarar er berre heilt enormt og midt i dette stod altså du som flaggskip! Vi gløymer aldri intervjuet med han på NRK rett før Stordalshallen skulle opnast der han, tydeleg rørt, står og svarar reportaren på sprøsmålet om kva det er som gjer at de har klart å halde dugnadsånda ved lag så lenge. ”Nei, det e no det at øss ser ti æ´n”, kom det kvikt frå den godeste Einar. Både dette utsagnet og fleire andre med dette, vil alltid vere knytta til han, og til dette med dugnadsinnsats generelt.

Einar vart tildelt Stordal kommune sin kulturpris i 2003, noko som var særs gledeleg og sjølvsagt vel fortent. Nedanfor har vi teke med noko av begrunninga frå den gongen. (Tenk at det faktisk er 10 år sidan no!)

Kanskje den viktigaste av alle ressursar eit lokalsamfunn kan ha, er personar som er viljuge til å stille opp for fellesskapet i form av dugnadsinnsats. I Stordal kommune har ein opp gjennom tidene hatt mange slike einskildpersonar og dette med dugnad har vore eit særtrekk og eit omgrep, som mange utanfor kommunegrensene har forbunde med kommunen vår.

Som synlege bevis på denne fantastiske innsatsen, finn ein mellom anna ei rad flotte idretts- og kulturanlegg. (Her kan raskt nemnast: alpinanlegget på Overøye, hoppbakkane og langrennsanlegget på Stavsengfjellet, fotballbanene på Kirkebø og sist men ikkje minst sjølvaste storstova vår: Nemleg Stordalshallen!)

I tillegg til alle disse synlege bevisa, så har dugnadsånda ein uvurderleg verdi langt ut over dette. Å vite at ein kan rekne med at folk stiller opp for kvarandre i eit lokalsamfunn, er sjølve fundamentet i eit samfunn og er så absolutt noko som gjer at ein får sterk framtidstru.

Stordal kommune sin kulturpris for 2003, går til er ein person som har utmerka seg i så måte. Dei som kjenner han veit at han alltid stiller opp når noko skal gjerast og at han alltid har med seg det gode humøret og dei gode historiene sine. (Innimellom alt dette, får han også tid til å synge i kor. Dei siste åra har han nemleg vore fast medlem i Mannskoret COR-X)

I samband med bygginga av Stordalshallen vart det naturleg å utnemne han som sjølvaste "dugnadsgeneralen". Som mange hugsar vart det sett ein uoffisiell noregsrekord den gongen, med nærare 30 000 utførte dugnadstimar i ei kommune med 1000 innbyggjarar! (Noko som tilseier eit snitt pr. innbyggjar på 30 timar, om ein reknar alle frå 0-100 år)
I løpet av byggjeperioden, som strekte seg over 3 år, var det spesielt ein person som så å seie alltid var til stades. Berre i denne perioden er det registrert over (ufattelege) 1300 dugnadstimar på han! (Det er vanskeleg å tru at den finst maken, nokon anna stad)

Også i tida etter at "storstova" vår offisielt vart opna den 25. januar 1997, har prisvinnaren vore sentral der. I arbeidet som vaktmeister stiller han opp, uansett kva tid det er på døgnet og er til hjelp når vi treng det. Han har eit nært eigedomsforhold til Stordalshallen, noko vi alle ser att i form av eit særs godt vedlikehald. Også i samanheng med reklamasjonsarbeidet knytta til parkettgolvet i idrettshallen har prisvinnaren vore sentral, noko som resulterte i at Stordalshallen fekk heilt nytt golv utan at Stordalshallen vart belasta med ei einaste krone!

For alle dei som besøkjer Stordalshallen, er også lovorda mange, ikkje berre i høve til det flotte bygget, men også i høve til den gjestfriheita dei vert møtt med. Ein kan med rette også hevde at prisvinnaren utgjer det ekstra særpreget som gjer at Stordalshallen har eit særs godt omdøme utad.”



Tenk at det har gått 10 år sidan dette og tenk at det no er snart 17 år sidan den store opningsfesten for Stordalshallen! Også dei siste 10 åra, etter at kulturprisen vart tildelt Einar, har han stått på for Stordalshallen og når vi no er i full gong med tilbygget har han på ny stilt på og det trass i plager med både vondt kne og anna.

Når du no feirar 80 år Einar, veit eg med sikkerheit at eg har med meg alle som har eit forhold til Stordalshallen, når eg takkar deg for den enorme innsatsen du legg ned. Med alle, tenkjer eg ikkje berre på dei som har hatt gleda av å bruke Stordalshallen her lokalt, men også dei mange gjestane vi har utanfrå. Når Stordalshallen vert omtala andre stadar, er det ikkje minst dette med måten ein vert teken imot på, som gir oss eit fortrinn. Også i den samanhengen har du vore viktig og dermed er det særs mange, både rundt om på Sunnmøre og elles i landet, som sitt att med veldig gode minner frå sine besøk her hjå oss.

Dugnadsånda er kanskje det viktigste kjenneteiknet på Stordalssamfunnet og du er så absolutt ein av dei som kan til nettopp det, Einar! Gjennom dei mange dugnadsprosjekta du har vore med på i alle desse åra, har du vore med og bygd Stordalssamfunnet til det det er i dag. Når så mange omtalar oss som ”dugnadskommuna” og også elles snakkar varmt om ”alt det dei får til inni Stordalen”, ja då skal du så absolutt ta på deg din del av æra for det!


GRATULERER MED 80 ÅRS DAGEN, KJÆRE EINAR!


 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove