Dyrkornbygdarane imponerte igjen!

Årsfest 2019 - Revy - Klikk for stort bildeÅrsfest 2019 - Revy Hallgeir Hove

Den 22. Årsfesten er vel i hamn og det takka vere knappe 40 entusiastiske dyrkornbygdarar. Grenda fekk til fulle vist at det absolutt er mulig å få til ein super Årsfest, sjølv om ein ikkje er så mange i utgangspunktet. Men så er det verkeleg også på sin plass å rose gjengen som stod bak årets arrangement.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.03.2019

Årsfest 2019 - Revy - Klikk for stort bildeÅrsfest 2019 - Revy Hallgeir Hove Årsfest 2019 - Revy - Klikk for stort bildeÅrsfest 2019 - Revy Hallgeir Hove Årsfest 2019 - Revy - Klikk for stort bildeÅrsfest 2019 - Revy Hallgeir Hove Årsfest 2019 - Revy - Klikk for stort bildeÅrsfest 2019 - Revy Hallgeir Hove

Årsfesten var lagt opp etter same malen som tidlegare, med matservering midtvegs i programdelen og der ein gjekk rett over på dansemusikk frå scena umiddelbart etter at siste sceneinnslaget var ferdig. Den fengande dansemusikken var det Party Express som stod for og det var Nilsgardstunet som leverte den nydelege gryteretten. Vidare gjekk serveringa i baren som smurt og det same gjorde billetteringa. Dei oransjekledde vertane sytte for at bilane parkerte der dei skulle og hadde også elles full kontroll på det som skjedde.  
 

Flott revy!

Men truleg er det det som skal skje frå scena, som er den største utfordringa når grendene, skal stå som arrangør av Årsfesten. Også her leverte dyrkornbygdarane varene og publikum storkosa seg. Når dei som hadde vore i sving på programdelen entra scena til avslutningsnummeret - og det til vel fortent ståande applaus - viste det med all tydelegheit at dei ikkje var mange. Men eit flott program vart det, der dei også veksla mellom innslag frå scena og på storskjermen. Her var det ein god porsjon humor og sjølvironi og så vart det også gjort eit poeng ut av at det no går mot slutten for Stordal kommune, noko også sjølve tittelen på Årsfesten ("This is the end") bar bud om.
 

Mykje folk!

Det var elles særs gledeleg å registrere at Årsfesten også denne gongen samla det vi må kunne betegne som fullt hus. Etter det vi kjenner til, var det rundt 325 betalande på programdelen og så dukke det opp endå fleire, som berre ynskte å få med seg dansen. Ikkje minst med tanke på all den jobbinga som vert lagt ned, er dette viktig og det stadfestar nok ein gong at Årsfesten er ein flott og viktig tradisjon som vi ynskjer føre vidare.

Proff fleirkameraproduksjon og som vanleg god lyd!

Heile fem personar var i sving for å gje publikum ei best mogleg oppleving med tanke på å syne det som skjedde på scena. Prosjektor og lerret innkjøpt i fjor bidreg også til at kvaliteten på det heile vert veldig bra. Ikkje mindre enn fire kamera var i bruk og det var Liveprofil v/Bent Ulleland i samarbeid med MediaRiks v/Lars Nikolay Riksheim, som hadde fått oppdraget. Vi registrerte også at Ole Chr Hove styrte det eine kameraet. No blir det laga til eigen DVD frå Årsfesten og då truleg slik at den som vil kan bestille seg sitt eige eksemplar.

Lasse Døving held også fram med å levere varene når det kjem til det som har med lyd og lys å gjere. Også dette året var det lagt opp slik at han rigga opp til UKM helga før Årsfesten og så vart det heile rigga ned att etter festen på laurdag.
 

Solid dugnadsinnsats!

I samband med Årsfesten sist laurdag, vart vi også minna på mykje av alt det dei både har fått til og framleis får til, i denne lille grenda. Ein flott bildekavalkade vart presentert på storskjermen medan publikum venta på at revyen skulle starte. Der var det også flotte historiske tilbakeblikk.

Ikkje berre fortener dyrkornbygdarane ros for den supre Årsfesten, men i tillegg skal dei verkeleg ha klapp på skuldera for innsatsen i samband med oppryddinga i etterkant. Etter det vi forstår var dei i sving i 5-6 timar på søndagen, der dei m.a. støvsuga på lageret for idrettsutstyr, vaska både på vaskerommet og andre stadar. Dei fekk vidare fjerna utstyr som ikkje høyrer heime på kjøkkenet og rydda lager i nydelen, for å nemne noko. I det store og det heile står det med andre ord stor respekt av innsatsen til denne relativt sett lille gruppa med eldsjeler.

Stafettpinnen vart levert vidare til Hovslia og dermed kan vi alt no også starte å sjå fram til den 23. utgåva av Årsfesten.   

Vi rettar ei stor takk og mange gratulasjonar til grenda Dyrkorn for ein framifrå Årsfest for Stordalshallen, 2019!

 

Sjå gjerne førehandsreportasjen vår, der vi også har lenker til ei rad tidlegare reportasjar og bildegalleri

Eige bildegalleri med nærare 150 bilder finn du på Stordalshallen si faebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove