_dsc5300.jpg
Nesten 70 personar var til stades
_dsc5309.jpg
Ein musikalsk reise med Ørksog kvintetten
_dsc5307.jpg
Leiar i eldrerådet, Sigrun Hove
_dsc5297.jpg
Loddsal med Hildur Vinje og Jonas Falch

Ei flott markering i regi av eit aktivt eldreråd

Onsdag 15. oktober vart det ei særs fin markering av den  internasjonale eldredagen i Stordal. Det var nesten 70 personar til stades i Stordalshallen og dei fekk vere med på eit rikhaldig program.

Publisert av Martin Vos. Sist endret 27.10.2014

Det var leiaren i Stordal eldreråd, Sigrun Hove som ynskte velkomen og orienterte om den internasjonale eldredagen som feirast i heile verda. Etter 'allsong' var det klart for sang ved Ørskog kvintetten, 5 flinke karar frå nabokommunen som tok alle som var tilstades med på en musikalsk reise med mange kjente viser.

Matservering høyrer sjølvsagt med også ved eit slikt høve og det var nydeleg brennsnut, som stod på menyen. Etterpå var det klart for blautkake og kaffe og så var det klart for lotteri med mange flotte premiar og med Jonas Falch som opplesar.

Det er rike tradisjonar på å stelle i stand flotte arrangement i Stordal og markeringa av eldredagen, i regi av eit aktivt eldreråd, er eit nytt døme på dette. Vi nyttar ofte høve til å trekkje fram kor ein flott ungdom vi har i kommunen vår og skundar oss også, nok ein gong, å rose våre eldre!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove