Ei veke att til lokalmønstringa!

På førstkomande søndag, er det berre ei veke att til lokalmønstringa av UKM går av stabelen i Stordalshallen. Dermed er 10. klasse ved Stordal skule inne i innspurten når det gjeld førebuingane og det er også no på søndag fristen for å melde seg på, går ut.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.02.2013
UKM - 2013
Berre ei veke att!

For alle oss som ikkje skal delta, anten det no er frå scena eller anna, er det all grunn til å gle seg til neste søndag (altså den 17. februar). Lokalmønstringane her, har nemleg vist seg vere særs flotte. Alle har sjølvsagt fått med seg at Jenny Langlo vart vinnar av IDOL-konkurransen i 2011 og tidlegare har også Maria Holand Tøsse nådd heilt til semifinale der. For begge desse var lokalmønstringa av UKM (og sjølvsagt etterkvart også fylkesmønstring og landsmønstring) viktige arenaer. Slik sett er det aldri godt å vite om lokalmønstringa også denne gongen vil by på komande stjerner.

Det høyrer også med å minne om at det nettopp frå vår kommune har vore med deltakarar på heile 5 av dei siste 7 Landsfinalane av UKM! Truleg er det ingen andre kommuner som kan vise til liknande! Både Maria og Jenny har sjølvsagt vore med. I tillegg har Kristina M R Stavseng, Sivanja og Virusha Nagulesvaran alle vore med der og vi kjenner godt til alt det desse har levert av prestasjonar, også etter at dei var ferdige med å delta i UKM.

Når vi trekkjer fram dette, noko vi forsåvidt også har gjort tidlegare, er det for å få alle til å forstå kor høgt nivå det har vore på lokalmønstringane her. Arrangørane, som alltid er elevane i 10. klasse ved Stordal skule, har også i stor grad æra for dei flotte lokalmønstringane her. Dermed skulle det vere all grunn til å finne vegen til Stordalshallen neste søndag.

For dei som enno er i "tenkjeboksen" og ikkje har bestemt seg for om dei skal delta på UKM eller ei, er det berre ein ting å seie: Meld dykk på! UKM er for alle, uansett om ein har ambisjonar om å ende opp som IDOL-vinnar eller ei og uansett om ein ikkje nødvendigvis satsar på å gå i Ola Stavseng sine fotspor!

Les våre tidlegare reportasjar om lokalmønstringane for meir om alt dette!

Gå også inn på facebooksida som arrangørane har laga til. Der melder du først din ankomst ved å klikke "deltek", dernest syter du for at alle dine venner på facebook vert oppmoda til å gjere det same! Det er klart vi ynskjer å fylle opp idrettshallen med folk også denne gongen. Det fortjener både deltakarane og arrangørane og ikkje minst DU!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove