Fotograf: Hallgeir Hove
Liten tvil i at dei kunne å spele, desse eidsdalingane! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det vart mykje tid til fellesøving i løpet av opphaldet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Grendasalen vart også nytta til bespisning og til sosiale aktivitetar utover laurdagskvelden fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
På søndagen forflytta korpset seg til musikkrommet ved Stordal skule fotograf Hallgeir Hove

Eidsdal Skulekorps første besøkjande i 2014!

Ein super gjeng med musikantar og vaksne frå Eidsdal Skulekorps var sist helg på plass ved Stordalshallen. Dei gjennomførte då ei øvingshelg tettpakka med program og sjølvsagt då slik at ekstra mykje tid vart sett av til nettopp korpsøving. Men i tillegg var dei med på mykje anna kjekt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.01.2014

I og med at reisestrekninga ikkje er så stor for våre naboar, var dei på plass ved Stordalshallen alt kl 09.30 på laurdagsmorgonen. Etter å ha fått på plass alt av utstyr, vart det gitt litt felles info og samstundes vart lokalitetane synt fram. Det tok ikkje lange stunda før første musikkøving var i gong inne i grendasalen.

Midt på dagen var musikantane, samt dei vaksne som hadde lyst, med på eit instruksjonsopplegg der m.a. miniatyrskyting og trampolinehopping stod på programmet. I løpet av ei økt på om lag 1,5 timar, fekk dei lære meir om korleis ein skal hoppe trampoline av Steffen Staurset. På skytebana var representantar frå Liabygda Skyttarlag, med Jostein Myrvang i spissen, på plass. I tillegg gjekk det i ballspel av ulike variantar.

I tillegg til all øvinga utover laurdagen, vart det også tid til ein tur i bassenget ved Stordal skule. Dette var naturlegvis også eit kjekt avbrekk.

Grendasalen vart også nytta til bespisning og når all annan aktivitet var over, forstod vi det slik at det vart mykje spelaktivitet og anna sosialt der.

Etter at frukosten var unnagjort på søndag morgon var det klart for meir endå meir øving og no vart også musikkrommet ved Stordal skule nytta. Dette fordi det skulle vere storkonsert med Sunnivakoret, Ytre Suløen m.fl. seinare på dagen i Stordalshallen og alt kl 11.00 var det stor aktivitet i hallen med lysdjekk, øving og anna.

Etter tilbakmeldingane vi har fått, vart det ei rett så vellukka øvinghelg for våre gjestar frå Eidsdal og for vår del skundar vi oss å legge til at det var veldig kjekt å få besøk av dei. At dei var flinke til å spele, var det heller ingen tvil om.  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove