Einar og Kirsten heidra

Einar og Kirsten  - Klikk for stort bilde

I samband med den suverene årsfesten til dalingane sist laurdag, kunne ein fullsett idrettshall også få vise si store takksemd overfor vaktmeisteren vår gjennom alle år - Einar K Hove - og hans gode støttespelar, Kirsten.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.04.2017
Ordføraren, Einar og Kirsten - Klikk for stort bilde Einar K Hove  - Klikk for stort bilde Einar K Hove - Klikk for stort bilde Einar og Kirsten  - Klikk for stort bilde

Einar K Hove har på sett og vis vore ein del av Stordalshallen han, heilt sidan det første spadetaket i 1994. Når han hadde bestemt seg for at sommaren 2015 kunne vere eit passeleg tidspunkt å gje seg på, var det også vel vitande om at også det nye flotte tilbygget vårt var på plass. Når ein vert 82 år gammal, og har smerter både her og der, må  det vere lov å gje seg, sjølv om det unekteleg vert litt rart det heile. For dei mange av oss som har eit nært forhold til Stordalshallen - og då tenkjer eg slett ikkje berre på oss som bur her i kommunen - er vår takksemd til Einar særs stor.

Når dugnadsgeneralen vår valgte å gje seg etter alle desse åra, var det ikkje noko som var meir naturleg, enn å nytte nettopp Årsfesten for Stordalshallen som det rette høvet. Det er også slik at Einar, heile vegen, har hatt ein særdeles god støttespelar i kona Kirsten. Det store og brennande engasjementet også ho har hatt for Stordalshallen i alle desse åra, var det heilt naturleg og opplagt å framheve. Dermed vart begge to kalla opp på scena for å motta trampeklapp frå ein fullsett idrettshall, etter at ein presentasjon av dei to var synt fram på storskjermen og dagleg leiar for Stordalshallen takka på vegne alle. Ordførar Eva Hove takka også dei to og stod for overrekkjing av gåvsjekk frå Stordal kommune og gåvesjekk frå Stordalshallen, samt blomsterbukett. Det er også laga eit eige "diplom" til vaktmeisteren vår, der han m.a. vert takka for framifrå utført jobb og ikkje minst kjem det også der fram at han la ned ufattelege 1354 dugnadstimar i samband med bygginga av Stordalshallen! Dette diplomet skal få ein fin plass på veggen i Stordalshallen!

I samband med at Einar jubilerte 28. desember 2013, laga vi ein reportasje om han, der vi kom inn på mykje av det han har utretta og betydd for Stordalshallen. Det kan vere kjekt også i dag å sjå tilbake på den reportasjen. Som mange veit, vart Einar også tildelt Stordal kommune sin kulturpris i 2003 og i reportasjen frå 2013, kan du lese meir om det og.

Sjå også eigen flott reportasje om det heile på Storfjordnytt si nettside

Vi nyttar på ny høve til å takke Einar og Kirsten for den eineståande innsatsen dei har lagt ned for Stordalshallen!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove