Fotograf: Hallgeir Hove
Stefan, Knut Ivar og Robert i tomta utanfor Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Geir Innselset i sving ved Vinjesanden fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lastebilande ryggar seg til ved Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det er mange maskiner som skal til for å gjere klart til å reise tilbygget fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Tore Holteleite, ein av dei som var opp lenge før kl 08.00 i dag! fotograf Hallgeir Hove

Eineståande dugnadsinnsats!

I dag har det verkeleg blitt utretta eit eineståande dugnadsarbeid i samband med å få på plass tilbygget ved Stordalshallen. Fem av dei tilsette hjå Busengdal Transport AS har helde på heile dagen og det med oppstart så tidleg som kl 08.00 ein laurdags morgon!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.09.2013

Arbeidet som skulle utførast i dag, i tillegg til å sluttføre det som har med grøfting å gjere, var å få forflytta masse frå Vinjesanden og til tomta. Og la det vere sagt med ein gong, makan til effektivitet skal ein leite lenge etter! To lastebilar køyrde i skytteltrafikk mellom Vinjesanden og Stordalshallen. På Vinjesanden var Geir Innselset på plass og handterte gravemaskin der og lastebilane vart fyllt opp på ein augneblink. Tore Holtleite og Stefan Snæbjørnsson tok seg av lastebilkøyringa og i tomta ved hallen var det Robert Busengdal og Knut Ivar Simonsen som regjerte. Der vart massa fordelt utover og då slik at ein heile tida passa på at det vart plansert i rett høgde.

Med det omfattande arbeidet utretta i dag, er ein truleg også på det næraste klar til å gje klarsignal til Hellesylt Bygg AS, som skal stå for arbeidet med å få reist sjølve bygget, der grunnmur naturleg nok er det første som skal på plass. 

No er det ikkje første økta der tilsette hjå Busengdal Transport har vore i sving dette her. På vår nyoppretta facebookside, kan ein både lese og sjå meir om dette. Der finn ein også meir om innsatsen til 9. klasse ved Stordal skule og pensjonistane som demonterte gjerde og meir til. (sjølvsagt vil du finne endå fleire bilder også frå dagens suverene økt der!)

Dei som har lagt ned dugnadsinnsats så langt, og ikkje minst karane frå Busengdal Transport AS, har verkeleg lagt lista for det som skal kome av dugnad og det er rett og slett imponerande det dei har utretta!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove