Logo - EK BIL
Dette flotte skiltet kjem no på plass i Stordalshallen
Fotograf: Storfjordnytt
Riemo og Ove har all grunn til å smile tilfreds fotograf Storfjordnytt
Fotograf: EK Bil Sjøholt
Også avdelinga på Sjøholt er lokalisert i sentrum, med Stopp 69 som næraste nabo fotograf EK Bil Sjøholt

EK Bil AS er på plass!

Då har vi gleda av å ynskje bilverkstaden EK Bil AS velkomen med på laget, som ny samarbeidspartnar. EK Bil etablerte seg med verkstad i det tidlegare VAD-bygget i Stordal i 2011 og nyleg kom det også på plass ei eiga avdeling på Sjøholt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.04.2013

Den siste tida har også fleire andre verksemder inngått nærare samarbeid med Stordalshallen og ytterlegare andre er i kjømda. (sjå både tidlegare og komande reportasjar) Dermed er vi framleis i den unike situasjonen at all ledig plass på veggane i idrettshallen er fyllt opp. Slik har det vore sidan sommaren 2009 og med den store interessa, både i høve til profileringskonseptet vårt og i høve til dei høge besøkstalla ved Stordalshallen, vert nok dette også situasjonen i åra framover. Dermed må verksemder som ikkje har fått plass, finne seg i å vente og håpe..

Men attende til vår nye samarbeidspartnar EK Bil AS. I ingressen vår var vi inne på at verksemda no har etablert seg også på Sjøholt og dermed har dei to avdelingar. Men det heile starta opp i Stordal og det skulle vise seg at det tidlegare VAD-bygget, lokalisert midt i sentrum var vel eigna til nettopp bilverkstad.

Les den flotte reportasjen i Storfjordnytt frå desember 2011, der dei to grunderane Riemo Eisma og Ove Korsnes vert intervjuva.

Både avdelinga i Stordal og avdelinga på Sjøholt, har eigne facebooksider. Det kan vere lurt å halde seg oppdatert ved å like desse sidene. 


På verkstaden i Stordal utfører dei service, vedlikehald, reparasjonar, diagnose, ac-service på alle bilmerke, samt PKK (EU-kontroll). Dei er sjølvsagt autorisert av Statens Vegvesen.

Her ser ein meir av det dei tilbyr:
- Periodisk kjøretøykontroll (PKK/EU)
- AC/klimaanlegg service
- Diagnoseservice
- Motorstyring og innsprøytningssystemer
- Diesel
- Bilelektrisk
- Eksosanlegg
- Forstilling
- Bakstilling
- Dekkservice
- Dekkhotell


EK Bil Sjøholt AS utfører reparasjonar og service på person og varebilar. Vidare utfører dei diagnose, ac-service og 4hjuls-kontroll. I tillegg utfører også dei EU-kontroll.


Vi ynskjer EK Bil AS velkomen med på laget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove