Logo - EL 24 AS
Logo - EL 24 AS
EL 24 AS - tilsette
Denne gjengen er klare til å yte sikkert elektrisk arbeid, til avtalt tid, 24 timar i døgnet!

EL 24 AS, ny samarbeidspartnar!

Då har vi også gleda av å ynskje EL 24 AS, velkomen med på laget! EL 24 AS er totalleverandør av alle typer elektriske installasjoner for lys, varme, tele, data, antenneanlegg, samt brann- og driftsalarmar på tekniske anlegg. EL 24 AS dekkjer eit stort område med m.a. avdelingskontor både på Stranda og i Ålesund

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.06.2013

Det er sjølvsagt stor stas for oss å få lov til å presentere EL 24 AS som ny samarbeidspartnar. EL 24 AS vert med dette ein av våre over 90 samarbeidspartnarar, landet over og vi gler oss over at det er stadig like populært å kome med på laget.


Meir om vår nye samarbeidspartnar EL 24 AS:

Det heile starta i 1965 med Hestad og Løken AS. Hausten 2006 tok dei ansatte over selskapet, og skifta til navnet EL 24. EL 24 har i dag rundt 20 ansatte. Med avdelingskontor i Ålesund og Stranda, samt ei montøravdeling i Geiranger, har dei eit stort dekningsområde på Sunnmøre.

I løpet av desse 48 åra har firmaet utvikla seg til å bli ein solid samarbeidspartnar for næringsliv, kommuner og privatpersonar i heile dette området.

EL 24 har valgt å vere eit frittståande firma, som ikkje er knytt til noko kjede. Dette for at dei sjølve kan velge produkt frå kjente leverandørar, produkt som kundane er best tjent med.

EL 24 har valgt fyljande slagord: ”…en sikker kontakt.” Dette fordi dei har eit ynskje om å utføre eit sikkert elektrisk arbeid og for å komme til avtalt tid. "24" står sjølvsagt for at dei er tilgjengelege 24 timar i døgnet.

På EL 24 AS si flotte heimeside kan du sjølvsagt lese meir og m.a. også få tips om korleis du kan spare straumutgifter. Der finn du også meir info om Smarthus! "Smarthus er en elektroinstallasjon som basert på datasignaler gjør at styringen for lys, lyd, varme og luft kommuniserer sammen, og gjør at huset gir deg et høyere komfortnivå og lavere energiforbruk"

EL 24 AS har også eiga side på facebook


Vi ynskjer EL 24 AS velkomen med på laget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove