Fotograf: Bjørg Jacobsen
Leiaren i eldrerådet, Sigrun Hove, overrekkjer dei flotte historiske hefta som brødrene Karl Elias og Martin Moe har laga fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Hallgeir Hove
Bruaset via Ytste Skotet mykje plass. Vi fekk høyre om det omfattande arbeidet utretta av Storfjordens venner, om Kari Anne Nilsen, som hadde valgt å vie all si tid der, om hjelpesmannen Idar og mykje anna fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Mange nytta høve til å sikre seg signerte eksemplar av den nyaste boka fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Hallgeir Hove
Roger Lillebø stod for akkompagnement til dei mange allsongane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Her ser vi ein del av dei nærare 80 personane som deltok under den trivelege eldredagsmarkeringa fotograf Bjørg Jacobsen

Eldredagen feira

Det vart ei særs fin markering av eldredagen i Stordalshallen, tysdag 23. oktober. I tillegg til eit rikhaldig program elles, var Oddgeir Bruaset på plass og kåserte og synte fram bilder frå den nyaste boka si. Nærare 80 personar deltok.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.10.2012

Det var leiaren i Stordal eldreråd, Sigrun Hove, som ynskte velkomen. Ho gav også ei god orientering om situasjonen for dei eldre i kommunen, der det kom fram at det stod bra til. I tillegg til at mykje alt er på plass og at også både pensjonistlag, frivilligsentral, helselag, Mental Helse Stordal og atter andre utrettar mykje godt arbeid, er det fleire prosjekt i gong som vil bidra til ytterlegare betring av tilboda. Etter at Sigrun var ferdig, var det klart for allsong på "Songen til bygda", akkompagnert av Roger Lillebø på piano.    

Så var det klart for kåseri av Oddgeir Bruaset. Det var den siste boka i serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", som danna utgangspunkt for kåseriet og vi fekk også høyre at det no var klart for ein ny bolk med dei populære TV-programma i denne serie. I eitt av desse programma vil livet på Ytste Skotet bli skildra, så her er det berre å gle seg! I ganske nøyaktig ein time fekk festlyden høyre Bruaset fortelje og det er ikkje til å legge skjul på at slikt er gjevande. Besøket i Stordal inngår i ein turné og Bruaset rakk å besøkje både Norddal og Stranda kommune, etter at han hadde vore i Stordal. Men før han fekk reise vidare, vart det sett av tid til boksigneringar og triveleg prat med dei mange som ville sikre seg bøkene hans. Med på vegen vidare, fekk også Bruaset med seg dei flotte historiske hefta, laga av brødrene Karl Elias og Martin Moe. Truleg noko som fell i smak for ein historie-interessert kar som han.

Les meir om det unike arbeidet Oddgeir Bruaset har lagt ned og få med deg lenke til alle dei 60 (!) episodane i programserien hans! (eigen reportasje på NRK Møre og Romsdal si nettside)

God middag høyrer med, når eldredagen skal markerast og brennsnuten frå Ganefart-vinnar, Nilsgardstunet smakte fortreffeleg. Etterpå var det kake og kaffe og sjølvsagt meir allesong.

Etter middag og kaffe orienterte leiaren ved Stordal frivilllingsentral, Bjørg Jacobsen, om det nye tilbodet med serviceskyss, som startar opp frå 1. november. Det er kommunen som har teke initiativ til det heile og tiltaket har fått prosjektmidlar frå fylket gjennom ordninga kalla Kollektivtransport i distrikta. Det er også inngått eit nærare samarbeid med Stordal Billag for å få på plass dette tilbodet. Vi kjem attende med fleire detaljar om tilbodet med det aller første, men kort fortalt går dette ut på at ein vil kunne bestille seg skyss, når ein har behov for å kome seg til butikken, legekontoret, frivilligsentralen, pensjonistmøtet, el.l.

Etter at Bjørg Jacobsen hadde orientert, var det så klart for lotteri med mange flotte premiar og med Jonas Falch som opplesar.

Det er rike tradisjonar på å stelle i stand flotte arrangement i Stordal og markeringa av eldredagen sist tysdag, er eit nytt døme på dette. Vi nyttar ofte høve til å trekkje fram kor ein flott ungdom vi har i kommunen vår og skundar oss også, nok ein gong, å rose våre eldre! 

GRATULERER!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove