Logo - Arena Overøye
Logo - Arena Overøye

Endå ein samarbeidspartnar!

Interessa for å inngå nærare samarbeid med Stordalshallen er enorm. No er det Arena Overøye som er på plass og dermed er talet på samarbeidspartnarar oppe i 85.
Stordalshallen har sjølvsagt lenge hatt eit nært og godt samarbeid med Arena Overøye (og tidlegare; Stordal Alpinsenter) der ein har hatt stort fokus på dei muligheitene som ligg i å kombinere tilboda. Fleire skuleklassar, lag, bedrifter og andre, har sett at dette er eit glimrande konsept. I disse dagar får ein eit godt døme på dette, når Spjelkavik videregående skole kjem med over 100 besøkjande. Då vil dei ha base ved Stordalshallen og dra nytte av alle tilboda våre der og samstundes vil det vere stor aktivitet i og omkring Arena Overøye i løpet av det tre dagar lange opphaldet. Les meir om dette i eigen reportasje på nyhendesida vår.

Dei fleste har elles fått med seg den store satsinga på å legge forholda betre til rette ved Arena Overøye og stadig fleire legg difor vegen dit når dei skal stå på ski. For meir om alt dette viser ein til den splitter nye heimesida til Arena Overøye. (sjå lenke nedanfor)

Oversikta over Stordalshallen sine 85 samarbeidspartnarar finn du også lenke til der.
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove