Det er ikkje til å unngå å leggje merke til alt det fantastiske som skjer ved Stordalshallen, der det eine flotte arrangementet avløyser det andre. I tillegg vil vi også i den perioden står framfor, få besøk av grupper utanfrå. Dette er naturlegvis særs gledeleg, då ynskjemålet vårt naturlegvis er at Stordalshallen skal kome mest mulig og flest mulig til glede og nytte. Men samstundes gir det oss nokre utfordringar i høve til at alle må vise smidigheit framover og ikkje minst må alle halde seg best mulig oppdatert på det som skal skje av arrangement og besøk, slik ein slepp å møte opp og oppleve at Stordalshallen (eller delar av den) er oppteken.
Vi presenterer no difor ei ny oversikt, som viser kva treningar og/eller øvingar framover, som vert råka av arrangement og/eller besøk. Sjå oversikta som pdf nedst på sida.
Som vanleg vert også oversikta over komande arrangement som vert råka av arrangement, besøk el.l., lagt ut saman med oversikta over trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen.