Endå fleire reklameskilt er komne på plass

Nye skilt juni 2016 - Klikk for stort bilde

Ein del har sikkert lagt merke til at vi det siste året også har valgt å ta i bruk veggen bak tribuna, for å få plass til endå fleire flotte reklameskilt i Stordalshallen. Dette skuldast naturlegvis den store interessa vi opplever frå verksemder som ynskjer kome med på vinnarlaget. I samband med sertifiseringa - utført i går - hadde vi lift på plass, og nytta då også høve til å montere opp endå fleire skilt. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.11.2016
Nye skilt juni 2016 - Klikk for stort bilde Nye skilt juni 2016 - Klikk for stort bilde Nye skilt juni 2016 - Klikk for stort bilde Nye skilt juni 2016 - Klikk for stort bilde

Heilt sidan sommaren 2009, har vi vore i den situasjonen at all ledig skiltplass i Stordalshallen har vore oppteken. Rett nok er det verksemder som har gått ut av samarbeidet med oss, men dette skuldast naturlege årsaker og det har ikkje teke lange stunda før den ledige plassen er blitt overteken av andre.

Når vi no også valgte å ta i bruk også veggen bak tribuna - noko som faktisk vart veldig fint - har vi altså fått med endå fleire. Men som ein ser på bilda her, er det berre eit tidsspørsmål før også denne veggen er full.

Etterkvart som nye verksemder kjem på plass, vert dei også presentert i form av eigen reportasje. Difor har det også blitt ein heil del slike reportasjar dei siste åra, noko vi sjølvsagt synest er stor stas.

I tillegg til dei nye skilta no, nemleg: Bjorliheimen Hotell og Møtesenter, Holstad Varetransport AS og Digital Impuls Trondheim AS, har vi også gjort nokre små justeringar på plasseringane til dei øvrige. Dette gjeld Nevotex Norge AS , Storfjordnytt, Anitas Systue og Stordal Regnskap. Vår mangeårige samarbeidspartnar Westnofa har endra namn til Recticel AS og på same viset har Scanaprima endra til Fjord Fabrics AS.

I tillegg til alt dette, er det også slik at tre verksemder har signalisert at dei ynskjer kome med til hausten og i tillegg ytterlegare andre, som er klare til neste år.

Vi synest slikt sjølvsagt er veldig stas og igjen oppmodar vi alle som er opptekne av Stordalshallen - og alt det suverene som skjer der - om å leggje godt merke til kven det er som er med på vinnarlaget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove