Endå meir dugnad!

I samband med at golva både i idrettshallen og i grendasalen skal lakkast opp att første veka i august, er det behov for å klargjere golva, m.a. fjerne svarte strek o.l. I løpet av onsdag og torsdag, denne veka, frå kl 1900 til kl 2100 vil brukargruppene stille på med folk og få utført dette på dugnad.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.06.2015
Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi nokre av dei som var med i 2008 fotograf Hallgeir Hove

Det er ikkje så lang tid sidan vi avslutta eit eineståande dugnadsprosjekt i Stordalshallen, nemleg Utvidinga av Stordalshallen 2013/2014 , der det vart lagt ned imponerande 2.190 timar totalt!

Når det no på ny vert lagt ned innsats frå nærare 20 personar, er det vel vitande om nettopp dette. Ikkje nok med det, men i tillegg har vi no akkurat lagt bak oss storarrangementet Stordalscup 2015! (vi oppretta tidlegare ei eiga hending på dette på facebook, men den datoen vi sette opp der, viste seg ikke vere særleg eigna då dei aller fleste nok ville vere på ferie. Hendinga er difor sletta)

Les gjerne meir om det som skal skje i samband med lakkeringa første veka i august og legg også merke til at idrettshallen og grendasalen ikkje kan takast i bruk att før måndag den 17. august. 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove