Endeleg er bingoen tilbake!

Det er nok mange som hugsar attende til tida då det var regelmessige bingo-kveldar ved Fjordgløtt Kafe. Kvar ein stol var oppteken og spenninga var til å ta og føle på. Det var m.a. "stå-bingo" og dei mange kommentarane frå kafevert og sjefsopplesar, Karl Eivind, var med på å krydre det heile. No er altså bingoen tilbake, og då i regi av Stordal skulekorps!   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.11.2014
Førjulsbingo - Stordal skulekorps
Førjulsbingo med Stordal skulekorps

No blir det ikkje så lett å få til bingo i det som eingong var Fjordgløtt Kafé, men vi vel å tru at grendasalen vil vise seg å bli eit veleigna og godt alternativ. 

Som det kjem fram av plakaten, vil Stordal skulekorps også by på baguettar, brus, kaffe og kaker undervegs, så her ligg det an til å bli rett så triveleg denne søndagskvelden.

No er det sjølvsagt ikkje berre bingo som står på programmet denne dagen, så her kan ein nærast gå rett frå spanande KM-kampar i futsal inne i idrettshallen og til meir spaning i grendasalen!

Stordal skulekorps sin bingo startar kl 17.00, så då veit du kva du skal gjere på, neste søndag!

Det er elles også supert om du kan spre det glade bodskap, slik at flest mulig kan få dette med seg.

Om du er på facebook, kan du melde din ankomst på den måten og ikkje minst kan du inviterere andre med også.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove