Endeleg er det basar igjen!

Basar Stordal hornmusikklag jan 2018 - plakat - Klikk for stort bildeBasar Stordal hornmusikklag jan 2018 - plakat

Det er sterke basartradisjonar i Stordal. I Stordalshallen er det to slike kvart år. Den eine er det Stordal Helslag som arrangerer, noko dei har gjort i over 100 år. Dei siste 20 åra har denne vore i Stordalshallen. Stordal Hornmusikklag, som alltid stiller opp og spelar på helselaget sine basarar, har også sin eigen basar og den er no på fredag den, folkens!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.01.2018

Basar Stordal Hornmusikklag jan 17 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag jan 17 Hallgeir Hove Basar Stordal Hornmusikklag jan 17 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag jan 17 Hallgeir Hove

 

For meir om dei flotte basarane til Stordal Hornmusikklag viser vi m.a. til reportasjen frå basaren i fjor

Årets basar er i samarbeid med Stordal Skulekorps, noko som tilseier at vi også får høve til å oppleve dei på scena.

Korpsa lovar; flotte gevinstar, trekning på bøkene, kafé med kaker og kaffi og altså då også eigen minikonsert med Stordal Skulekorps og Stordal Hornmusikklag.

Det heile startar kl 18.00.

Bli med og støtt opp om dei flotte korpsa og ta også vel imot musikantane som no også går frå dør til dør og sel lodd!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove