Endeleg er det klart for konsert med Big Valley Voices att!

Big Valley Voices - Disney Voices - Klikk for stort bildeBig Valley Voices - Disney Voices

For ganske så nøyaktig eitt år sidan, hadde Big Valley Voices sommarkonsert i Stordalshallen. Det var mykje publikum i hallen og alle var dei enige om at dette ville dei ha meir av. Det var i januar, året før, at BVV hadde si konsertpremiere. Den første sommarkonserten - eller sommarshowet, for å vere meir presis - kom i juni samme året. Men fredag den 9. juni står dei altså klare att på scena i Stordalshallen, og då med det spennende sommarshowet dei har kalla for "Disney Voices!" Vi merkar oss også at dei stiller med eige orkester denne gongen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.05.2017

Big Valley Voices - vårkonsert - Klikk for stort bildeBig Valley Voices - vårkonsert Hallgeir Hove Big Valley Voices i aksjon på kulturkvelden, 17. mai 2017 - Klikk for stort bildeBig Valley Voices i aksjon på kulturkvelden, 17. mai 2017

 

Big Valley Voices hadde si første øving i september 2014 og sidan den gongen har dei øva jamnt og trutt og hatt mange konsertar og opptredenar, både i Stordal og mange andre stadar. Konsertpremieren var i januar 2015 og vi fekk også ein til super konsert det året, nemleg sommarshowet i juni.

Sidan sommarkonserten i fjor, har Solveig Maria Nedregård overtatt som dirigent for koret, etter at det var Maria Holand Tøsse som var dirigent frå starten av. Ein særs hektisk kvardag elles, var grunnen til at Maria såg seg nøydd til å la andre overta stafettpinnen og det er liten tvil om at valet av Solveig Maria til å overta, har blitt ein suksess. Det har også kome til fleire nye i koret, sidan førre konserten.

Sjå reportasjar frå tidlegare konsertar med dei dugande damene (du finn også fleire bildegalleri, sjølvsagt)

Big Valley Voices har eiga side på facebook, der ein finn meir om både konserten og anna

Då er det berre å starte den siste nedtellinga fram til fredag den 9. juni, folkens!

Dette kjem til å bli rett så flott!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove