Endeleg futsal igjen!

J 2004 - Klikk for stort bildeJ 2004 Privat Første helga i desember, m.a.o laurdag den 3. og søndag den 4., er det endeleg klart for futsal i Stordalshallen! Det er då J 12, J 13, J 16 og G 14, som skal i aksjon her, i det som vert kalla for Futsalserien. Endå meir vert det også på nyåret.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.11.2016

J 2003 - Klikk for stort bildeJ 2003 Privat G 2002 - Klikk for stort bildeG 2002 Privat Denne gjengen såg du kanskje på TV i sommar? Stordal J 16 stiller faktisk med 2 lag i Futsalserien!  - Klikk for stort bildeDenne gjengen såg du kanskje på TV i sommar? Stordal J 16 stiller faktisk med 2 lag i Futsalserien! Hallgeir Hove Futsal i Stordalshallen er veldig populært, ikkje minst takka vere dyktige arrangørar - Klikk for stort bildeFutsal i Stordalshallen er veldig populært, ikkje minst takka vere dyktige arrangørar Hallgeir Hove For alle som har vore med på futsal (eller det som tidl vart kalla for innandørsfotball) i Stordalshallen, ja så veit dei at dette er stor stas, anten ein er der som spelar eller som publikum. Fotballgruppa i Stordal IL, har lange og gode tradisjonar å sjå attende på, som arrangør av både KM i innandørsfotball og etterkvart også KM i futsal. Vi har sjølvsagt dekka det meste av dette og difor kan du, om du har lyst til det, ta eit tilbakeblikk. Ikkje minst har vi mange kjekke bildegalleri det kan vere artig å sjå tilbake på.

I tillegg til dei mange laga som kjem på besøk til oss, er det også kjekt å kunne vise til at arrangørklubben Stordal IL skal delta med lag i alle klassene som er med i Stordalshallen denne første helga. I tillegg er det sjølvsagt fleire stordalslag i aksjon rundt omkring i mange andre hallar på Sunnmøre.

Kampoppsett G 14, laurdag den 3. desember

Kampoppsett J 16, laurdag den 3. desember

Kampoppsett J 12, søndag den 4. desember

Kampoppsett J 13, søndag den 4. desember

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove