Endeleg klart for fylkesfestival av UKM 2018!

Fylkesfestival av UKM 2018 - kulturteam - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018 - kulturteam Lasse Døving

I skrivande stund er det berrre ein dag att til vi får ynskje om lag 400 gjestar frå heile Møre og Romsdal velkomen hit til Stordal kommune og til fylkesfestivalen av UKM 2018. Vi både håper og trur at dei kjem til å få flotte opplevingar her og vi ynskjer dei velkomen, alle som ein!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.04.2018

Fylkesfestival av UKM 2018 - førehands i Sunnmørsposten - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018 - førehands i Sunnmørsposten Fylkesfestival av UKM 2018 - førehands i Bygdebladet - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018 - førehands i Bygdebladet Fylkesfestival av UKM 2018 - opprigging - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018 - opprigging Hallgeir Hove Fylkesfestival av UKM 2018 - opprigging - Klikk for stort bilde

Veker og månader med planlegging ligg bak eit slikt stort arrangement og no dei siste dagane har ikkje aktiviteten avtatt for å seie det sånn. Tilsette i Stordal kommune, lag og organisasjonar, friviljuge har stått på og det også med god støtte frå lokalt næringsliv. Oss i "kulturteamet" her i Stordal kommune, vil takke for eit særs godt samarbeid med Else Marie Outzen, Jonas Høgseth og Joachim Orvik frå UKM Møre og Romsdal/Møre og Romsdal musikkråd. Det er dei som står som hovudarrangør, med oss her som medarrangørar.

I går byrja det første av lyd- og lysutstyr å ankome Stordalshallen og i dag vil det kome fleire lastebillass med meir. Det er Molde Live AS, som står for produksjonen, eit firma som m.a. har lang erfaring i høve Molde Internasjonale Jazzfestival. Om lag 10 personar, der vi her i Stordal stiller med dei fleste, skal få på plass utstyret i løpet av dagen. Når ein må rekne med at det går mellom 5 til 8 timar å få dette på plass, seier dette oss ein del om kva publikum kan ha å sjå fram til. UKM sitt eige utstyr som har med fleirkameraproduksjon og overføring på ei rad storskjermar og sjølvsagt livesendingane å gjere, er også på plass og klart til opprigging.

Ved Stordal bedehus har bilblioteksjef Bjørg Moltu, i lag med gode hjelparar, laga til ei fantastisk flott kunstutstilling og berre for å ha sagt det med ein gong: Denne MÅ publikum berre få med seg! Her er så mykje spennande utstilt, at det mest ikkje er til å tru. For ein dugande, kreativ og skapande ungdom Møre og Romsdal har!

Folkehelsekoordinator Palma F Øvrebust har plassert og omplassert dei om lag 350 overnattande, etterkvart som det har kome endringar inn og det er vore lagt ned eit særs grundig arbeid i høve til dette med sikkerheit til våre gjestar og då i vid forstand. Både Stordal skule, Andershaugen barnehage og Stordalstunet, har vist stor velvilje i høve til det å få husa så mange deltakarar.

Dette med sikkerheit står også i høgsetet i høve til det som skal skje ved Stordalshallen. Der vert det ikkje mindre enn 6 sceneforestillingar i løpet av helga, der blir "workshops" og ikkje minst blir det stor aktivitet utover kveldane, etter at forestillingane er over. Då vert det nemleg rigga til på scena i grendasalen. Til kvar sceneforestilling vil det - i tillegg til alt av funksjonærar elles - vere heile 6 brannvakter som vil ta hand om sikkeheita, der frivillige som også er ein del av brannkorpset i Stordal (dei som bruker berre eit par minutt på å rykke ut, du veit..) er godt representert. Håvard Olsen frå Stordal Skipatrulje tek i tillegg hand om det som har med sanitet å gjere.

Vi har tidlegare snakka om at det er rundt 200 friviljuge med for å få dette til å gå i hop (det tilsvarar 20% av alle innbyggjarane i kommunen det!) og det er "sjefen for frivilligheita", Bjørg Jacobsen (leiar ved Stordal frivilligsentral) som sit med totaloversikta på kven som skal gjere kva her. Det skal meir enn ei knekt arm for å sette ho ut av spel! Heile den friviljuge innsatsen kring dette arrangementet er ganske enkelt imponerande, men som mange veit slett ikkje unikt for folket i Stordal kommune!

Ordførar Eva Hove seier det slik:

"Stordal kan vise til ein imponerande innsats frå frivillige på mange område. No har den vesle kommunen vår tatt på seg å arrangere UKM for heile fylket, og då stiller folk på igjen! Folketalet vårt kjem til å auke med 40% denne helga, og då seier det seg sjølv at det krevst ein innsats frå mange. Fremst i rekkja når det gjeld tilrettelegging, står det entusiastiske kulturteamet vårt. Utan dei hadde det ikkje gått!

Eg ynskjer oss alle lykke til - dette blir bra!"

 

For så vel deltakarar, som publikum, går oppmodinga på at alle held seg oppdaterte på nettsider og på facebooksider og dermed får med seg dei siste nyhendeoppdateringane på alt det som skal skje og skjer.

Her er nettsida til UKM Møre og Romsdal: https://ukm.no/moreogromsdal/

Her er facebookside til UKM Møre og Romsdal: https://www.facebook.com/UKMMR/

Her er facebooksida til Stordalshallen: https://www.facebook.com/Stordalshallen-124026780991788/

Den rette Stordalshallen, vel og merke! :) Der får du med deg oppdateringar nærast time for time framover!

 

Så må de sjølvsagt også sjå dei mange tidlegare reportasjane våra, for meir om førebuingane av arrangementet, om Stordal som UKM-kommune og mykje, mykje meir!

Sist, men ikkje minst: Her er snarvegen til programmet for heile helga!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove