Endeleg klart for Jenny og Knut Marius! I kveld opplever du dei på scena i Stordalshallen!

Jenny og Knut Marius gjennomførte den første konserten sin i går kveld og haustar særs gode kritikkar på Romsdals Budstikke si nettavis i dag. I kveld er det endeleg vår tur til å få oppleve dei to, saman med dei suverene musikarane dei har med seg på turneen sin. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.12.2015
Jenny og Knut Marius - Du store mi tid!
I kveld får vi oppleve dei på scena i Stordalshallen!

Endeleg er den store dagen komen! Vi er rimeleg trygg på at det er mange med oss, som verkeleg har gledd seg til å få oppleve Jenny og Knut Marius. Vi vart slett ikkje overraska over at det vart kjempesuksess, stor jubel og stående applaus i Øre kirke i går kveld, og no er det altså vår tur!   

Det er viktig å minne om at det er særs fornuftig å ha ordna seg med billettar på førehand og heilt fram til kl 18.00 i kveld, kan du få kjøpt dette på nettet. Om du heller har lyst til å møte opp på sørviskontoret vårt og kjøpe billettar der, kan du gjere dette fram til kl 15.00 i dag. 

Les kva Romsdals Budstikke skriv om konserten til Jenny og Knut Marius i går kveld. 

Sjå våre tidlegare reportasjar for mykje meir om det som skal skje i kveld. Dette blir ei stor oppleving, det er vi sikre på! Sjekk m.a. dei mange flotte førehandsreportasjane i alt av aviser rundt om!

DØRENE OPNAR KL 19.00 I KVELD FOLKENS!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove