Endra planar for diverse konsertar i Stordalshallen

Det viser seg at det blir ein del endringar, når det gjeld tidlegare annonserte konsertar i Stordalshallen. Dette er verd å merke seg, slik ingen møter opp ein dag dei trur det skal vere konsert der, men at det då er heilt andre ting som skjer der i staden for. Sjølv om ein del konsertar går ut i høve den tidlegare presenterte kulturkalenderen, er det elles kjekt å registrere at det uansett samla sett vert fleire konsertar enn tidlegare omtala. Det handlar altså i stor grad om konsertar som vert utsett noko i tid dette her.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.10.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Både Stefan Bocken (i midten), Maria H Tøsse og Nick Ost m.fl. kan du oppleve i samband med komande konsertar i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove

Sist helg var det som kjent StordalsTRØKK på laurdagen (reportasje om dette med det aller første) og så var det opprinneleg planen at Stordal skulekorps skulle ha konsert på søndagen. Den konserten vil skulekorpset, etter planen by på, noko ut på nyåret. (førehandsreportasje kjem når det nærmar seg)

Ein annan konsert vi har sett fram til, er konserten med Ålesundskoret "Inkognito" - med stordalingen Terje Aasen i spissen. Denne skulle, etter planen, gå av stabelen søndag den 2. november. No har dei også blitt nøydd til å utsetje konserten sin, men også dei er meir enn klare for å få sett opp denne på eit seinare tidspunkt. Planen er då at dette vert ein konsert der også jentene i gruppa Charis, deltek.

Sist, men ikkje minst, viser det seg at den omtala felleskonserten med Stordal Hornmusikklag og Ørskogkoret ikkje blir noko av. Men her er Stordal Hornmusikklag klare med ein annan konsert i staden for - og på same dagen - nemleg søndag den 16. november. Dette vert ein kafekonsert der hornmusikklaget (også denne gongen) får med seg to stjernesolistar og der også skulekorpset vert med. (meir info om også denne, etterkvart)

Vi gløymer heller ikkje å nemne at det nystarta damekoret, med det velklingande og treffande namnet; "BIG valley VOICES", har planar om å invitere til konsert torsdag den 15. januar. Det er ,som tidlegare skrive, Maria Holand Tøsse som leiar dette spanande damekor-prosjektet og i starten av januar er dei altså klare for å presentere seg for publikum! Dagen etter kan du i tillegg få med deg den årvisse basaren til Stordal Hornmusikklag, der dei som vanleg også gir oss ein minikonsert.

Imponerande saker, ikkje sant?

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove