Fotograf: Hallgeir Hove
Vi skriv her 2. november og taket er på plass fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Aktivitetane inne i Stordalshallen går for fullt, sjølv om det er stor byggeaktivitet. Her frå KM i Futsal for G 19 fotograf Hallgeir Hove

Enorm dugnadsinteresse igjen!

Vi er no godt i gong med november månad og snart kjem nok snøen. Då er det godt å konstatere at taket for lengst er kome på plass på tilbygget ved Stordalshallen. Ein kan slå fast at arbeidet så langt har gått etter planen og ikkje minst er det kjekt å konstatere at dugnadsånda verkeleg lever!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.11.2013

Vi har tidlegare oppretta ei eiga side på facebook, slik ein kan fylje med på framdrifta. På denne sida - der heile 255 personar no er med - når ein også ut med viktig informasjon. Vi kan der m.a. også sjå oversikt over dei mange som har teke på seg å fungere som dugnadsleiarar framover. Vidare kan vi sjå at gåveaksjonen til Stordal IL alt har gitt gode resultat. (også nedst i denne reportasjen vil vi legge inn dei sist oppdaterte oversiktene, i og med at det framleis er dei som ikkje er så ofte innom facebook) 

Måndag 11. november oppretta vi også ei eiga hending på facebook med tittelen: Klart eg vil stille opp på dugnad for å få tilbygget ved Stordalshallen på plass! Ikkje uventa er responen også her særs god. På denne måten vil vi også få oversikt over dei vi kan rekne med når dugnadsarbeidet innomhus vil starte opp for alvor med det aller første. 

For den som evt enno ikkje er heilt oppdatert på det som har skjedd til no og kanskje heller ikkje kjenner så godt til kva vi no er i ferd med å realisere, viser vi til våre tidlegare reportasjar (og sjølvsagt igjen til facebooksidene våre) 

Stordalshallen utvidar (14. mai 2013) 

Då er vi i igong! (28. august 2013)

Eineståande dugnadsinnsats! (14. september 2013)

Framdrifta på tilbygget går etter planen (18. oktober 2013)


Meld deg på du og! 

I tillegg til dei mange som i desse dagar melder seg til dugnadsinnsats ved hjelp av facebooksida, kan ein også ta kontakt med oss direkte og gjere det same. Vi vil lage til oversikt over alt saman. Hugs på at det i eit slikt prosjekt er bruk for alle, uansett om det er vaffelsteiking, flislegging, målingsarbeid eller anna ein ser føre seg å kunne bidra med.

I Stordal kommune er det alltid dugnad, ein eller annan stad og gjerne slik at det er mange prosjekt på gong samtidig. M.a. er det stor aktivitet ved Arena Overøye, der skiutleiga verkeleg er i ferd med å få ei "ansiktsløfting". Men hugs då på at arbeidet med tilbygget ved Stordalshallen vil påga fram til sommaren og sjølv om det kjem periodar der ein ikkje kan stille til dugnad, er det uansett flott at ein kan melde seg på.

Det er igjen også viktig å peike på at alle som legg ned dugnadsinnsats må hugse på å fylle ut dugnadsskjemaet vi har laga til. På den måten får vi dokumentert dugnadsinnsatsen, som også i dette prosjektet utgjer ein betydeleg andel av finansieringa. Skal vi få mest mulig i form av spelemidlar, er det viktig at vi kan dokumentere dugnadsinnsatsen best mulig. Skjemaet, samt eit eige skriv som sikrar at alle som stiller opp er forsikra om uhellet skulle vere ute, finn de også nedst på denne sida. Om du ikkje har høve til å skrive ut desse sjølv, vil du sjølvsagt få dette med oss.

Vi vil sjølvsagt kome nærare attende til kva som konkret skal gjerast framover og få til ei best mulig organisering av arbeidet. Der har vi, som tidlegare peika på, både eigen framdriftskomité og heile 14 dugnadsleiarar klare! 

Då ser vi fram til mange gjevande og kjekke økter saman, der vi i fellesskap skal få utretta mykje av det arbeidet som no skal skje innomhus! 

Hurra for dugnadskommuna!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove