Fotograf: Hallgeir Hove
Nyttårskonsert med Sunnivakoret, Ytre Suløen m.fl. har vi fått vere med på! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eidsdal Skulekorps var første gruppe på besøk i 2014 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Super loklamønstring av UKM har vi hatt! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
..og ikkje minst ein eineståande Årsfest! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Aksla IL (bildet) har vitja oss, og nyleg reiste Ålesund vgs heim etter flotte dagar i Stordal! fotograf Hallgeir Hove

Enorm interesse påverkar dei faste aktivitetane kvar veke

Også den perioden vi er inne i no, ber preg av eit særs høgt aktivitetsnivå ved Stordalshallen. Dette gjer at ein del av dei faste treningane/øvingane kvar veke, av og til vert råka. Her presenterer vi ei ny oversikt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.03.2014

Interessa for å besøkje Stordalshallen er særs stor og samstundes er det som kjent slik at det eine flotte arrangementet, etter det andre, går av stabelen der.

Dette er naturlegvis særs gledeleg, då slike høge besøkstal naturlegvis er umåteleg viktig for drifta av Stordalshallen spesielt og for lokalsamfunnet vårt generelt. Av den grunn reknar ein også med at dei gruppene som av og til må vike plass, ikkje har alt for mykje imot dette.

Ser ein på litt av det vi har fått oppleve i løpet av desse første vekene i 2014, kan vi raskt nemne supre konsertar som den suverene nyttårskonserten med Sunnivakoret, Ytre Suløen m.fl., samt konsert i regi av Stordal Hornmusikklag. Vi har fått vere med på ei flott lokalmønstring av UKM og ikkje minst ein suveren Årsfest i regi av Øvrebustgrenda. Vidare har vi, alt no, hatt gleda av å ha besøk av både Eidsdal skulekorps, Aksla IL og Ålesund videregående skole. Sist, men ikkje minst, nemner vi også Stordal Helselag sin jubileumsfest sist helg.

Også i perioden framover, kan vi gle oss over at det kjem til å skje mykje spanande og nye grupper er klare til å besøkje oss. For at alle dei faste brukargruppene skal kunne sjå kva dagar/kveldar dette evt vil påverke deira treningar/øvingar, ligg det alltid ute ei oversikt over dette på nettsida vår. 

EIN VIL IGJEN MINNE OM AT DET ER DEI FASTE BRUKARGRUPPENE SI OPPGÅVE Å HALDE SEG OPPDATERT PÅ DETTE, NETTOPP VED Å STUDERE DENNE OVERSIKTA. DERMED VIL EIN OGSÅ KUNNE UNNGÅ AT EIN MØTER OPP VED STORDALSHALLEN TIL TRENING/ØVING OG BRÅTT OPPLEVER AT STORDALSHALLEN ER UTLEIGD, EVT OPPTEKEN PGA ARRANGEMENT.  

No vil kanskje nokon meine at det i forkant av slike høve bør varslast (påminnast) særskilt til kvar av dei mange brukargruppene ved Stordalshallen. Med det høge aktivitetsnivået, og dei mange arbeidsoppgåvene elles, er dette derimot ikkje mogleg å gjennomføre i praksis. Det MÅ vere slik at brukargruppene forheld seg til den oversikta som vert utarbeidd og det er kanskje heller ikkje alt for mykje å forvente.  

Oversikta over dei treningane og/eller øvingane, som vert råka av arrangement, besøk el.l., ligg framleis på same stad som tidlegare, nemleg saman med oversikta over trenings- og øvingstidene.

I tillegg finn ein den siste oversikta også som pdf, nedst på sida her.

Med dette går oppmodinga, på ny, ut til alle brukargruppene: Hald dykk oppdaterte på komande hendingar, som av og til påverkar dei faste treningane/øvingane dykkar!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove