Fotograf: Hallgeir Hove
120 elevar og lærarar frå Sula Ungdomsskule vitja oss siste helga i august fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Aksla IL sine 2002 - gutar på plass 13. og 14. september fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jibbe-linja ved Stranda vidaregåande skule hadde samling 5. til 7. september fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sist måndag var det teaterbesøk fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ein del av deltakarane på Danseskolen i Ålesund sitt kurs, som også vert arrangert denne hausten fotograf Hallgeir Hove

Enormt aktivitetsnivå i Stordalshallen påverkar dei faste treningane/øvingane

No har de kanskje høyrt dette før, men uansett må vi minne om det nok ein gong. Det er nemleg så mange som ynskjer å besøkje Stordalshallen og så mange som ynskjer avvikle arrangement der, at vi ikkje kjem utanom at ein del av dei faste aktivitetane vert berørte. Sjå ny, og oppdatert oversikt! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.09.2014

I tur og orden, denne hausten, har vi hatt besøk av:

Sula Ungomsskule

Aksla IL G 2002

Stranda vidaregåande skule

Sist helg var det vigsel og til komande helg, er det Nørvasund Skolekorps som kjem for å avvikle ei ny øvingshelg hjå oss. Dei kjem då att for 6. gong! Helga etter der igjen (altså frå fredag den 3. t.o.m søndag den 5. oktober går den 7. utgåva av Stordalshelga i langrenn av stabelen. Helga etter der igjen er grendasalen utleigd til privat arrangement og så er det klart for både øvingshelg (inkl konsert) for skulekorpset og StordalsTRØKK (i år er det klart for 8. utgåve!). Dette skjer altså i løpet av helga frå den 24. til den 26. oktober. 

Ser ein på det som skal skje også vidare framover mot jul, er tendensen den same. (m.a.vert det truleg konsert med Inkognito den 2. november, det skal vere Prosjektkonsert med hornmusikken og Ørskogkoret, 15. og 16. november, vidare vert det KM i Futsal 21. -23. november og helga etter det vert det endå meir Futsal. I tillegg er det også snakk om å få plass til ei større gruppe frå Herd IL og i tillegg truar det nyoppstarta damekoret med å invitere oss på konsert!    

Ikkje nok med dette, så nemner vi gjerne også at Meretes Zengarden køyrer yoga-kurs måndagskveldane og Danseskolen i Ålesund køyrer dansekurs på torsdagskveldane. I tillegg kjem sjølvsagt også dei årvisse arrangementa, som t.d. Eldredagen, Verdensdagen for psykisk helse osv, osv. I tillegg til dette er det også ein heil del andre større og mindre arrangement som kunne vore nemnt.

Som ein slags konklusjon på dette, kan vi slå fast at det eine arrangementet/besøket avløyser det andre også i perioden framover. Dette er naturlegvis særs gledeleg, då ynskjemålet vårt naturlegvis er at Stordalshallen skal kome mest mulig og flest mulig til glede og nytte. Men samstundes gir det oss nokre utfordringar i høve til at alle må vise smidigheit framover og ikkje minst må alle halde seg best mulig oppdatert på det som skal skje av arrangement og besøk, slik ein slepp å møte opp og oppleve at Stordalshallen (eller delar av den) er oppteken.

Vi presenterer no difor ei ny oversikt, som viser kva treningar og/eller øvingar framover, som vert råka av arrangement og/eller besøk. Sjå oversikta som pdf nedst på sida.

Tidlegare har vi presentert dei nye trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen og også der vil desse oversiktene vere å finne.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove