Fotograf: Randi Flø (Storfjordnytt)
Dansekveldane til Stordal Folkedansgruppe er verkeleg populære! fotograf Randi Flø (Storfjordnytt)
Fotograf: Randi Flø (Storfjordnytt)
Valldal Spelemannslag er alltid på plass fotograf Randi Flø (Storfjordnytt)
Fotograf: Randi Flø (Storfjordnytt)
Her ser du den flotte gjengen som var med på graderinga den 25. januar fotograf Randi Flø (Storfjordnytt)
Fotograf: Håvard Olsen
Over 40 deltakarar på skredkurset der Stordal Skipatrulje hadde med elleve! fotograf Håvard Olsen
Fotograf: Hallgeir Hove
...og midt opp i all denne aktiviteten er dugnadsgjengane i sving både på dagtid og på kveldstid i tilbygget vårt! fotograf Hallgeir Hove

Enormt aktivitetsnivå!

Arbeidet med å få tilbygget vårt på plass går så det susar, med dugnadsgjengar i sving både på dagtid og på kveldstid. Men tru ikkje at dette set nokon dempar på den øvrige aktiviteten. Sjå berre her!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.02.2014

Forrige helg var eit godt døme på det høge aktivitetsnivået, der det både vart avvikla skredkurs på fredag og laurdag, gradering i taekwon do heile laurdagen og med dansekveld i regi av Stordal Folkedansgruppe laurdagskvelden.

Det vert meldt om særs god oppslutning kring alle desse arrangementa, der det t.d var over 40 deltakarar med på skredkurset, som sjølvsagt også hadde sin praktiske del ved Arena Overøye. Kjekt er det også å konstatere at Stordal Skipatrulje hadde med heile 11 deltakarar på kurset!

Vi har tidlegare skrive om den aukande interessa for taekwon do i Stordal. Det er etterkvart mange som har valgt å starte opp med denne kjekke aktiviteten og desse er med på faste treningar i Valldal. I tillegg køyrer også ein del av dei ei økt i Stordalshallen pr veke. Ein av initiativtakarane bak det heile, Eilif Falch, var nyleg også med på ei turnering i Nederland og kom faktisk attende derifrå med første plass! Les gjerne også våre tidlegare reportasjar om taekwon do. Sjå lenkene nedanfor. 

Seminar og gradering, laurdag 27. april

Super start! (reportasje 20. juni 2013) 

Meir taekwon do (reportasje 20. juni 2013)

Stordal Folkedansgruppe sine dansekveldar er også blitt ein flott tradisjon, som samlar mange danseglade, både frå indre fjordstrok og elles. Også denne gongen starta det heile med nydeleg mat og med Valldal Spelemannslag som stod for musikken. Det var også litt anna underhaldning på programmet og ikkje minst; stor aktivitet på dansegolvet! Når det vert meldt om at det var om lag 110 deltakande, seier dette det mest om kor populære desse tilstellingane er. Stordal Folkedansgruppe har med deltakarar m.a. både frå Liabygda og Valldal, i tillegg til dei frå Stordal og har sine faste øvingskveldar kvar onsdag i grendasalen.  Les gjerne også tidlegare reportasjar om denne flotte gruppa.

Aktiv folkedansgruppe (desember 2010)

Populært med folkedans! (januar 2013)

Flott dugnadsinnsats! (mars 2013)

Komande helg er det fotballjenter frå Aksla IL som kjem på besøk og skal bu ved Stordalshallen frå fredag til søndag. Helga etter der igjen, er det så klart for storstilt markering av grunnlovsjubileet og ei ny suveren loklamønstring av UKM!

Helga etter, nærare bestemt laurdag 22. februar, er det klart for Årsfest for Stordalshallen! Nettopp Årsfesten er nok for mange eitt av dei store høgdepunkta i løpet av året og vi kan garantere at også årets utgåve kjem til å bli kanonbra!

Først mars er det så klart for storstilt feiring av Stordal Helselag i Stordalshallen! Helselaget vert då 100 år og det må sjølvsagt markerast på skikkeleg vis!  

Vi kjem attende med meir om alt dette og ser også med stor glede at alle helgane også vidare utover vinteren og våren, er fullspekka med flotte arrangement og aktivitetar!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove